Europeisk ungdom skal lære å skape sin eigen grøne arbeidsplass

Ungdommar frå Kypros, Kroatia, Hellas, Italia, Portugal, Estland og Spania kjem denne veka på studietur til Møre og Romsdal. Her skal dei få idear og inspirasjon til korleis etablere sin eigen grøne arbeidsplass i heimlandet.

Skriv ut

Tysdag kjem dei første 11 av til saman 84 ungdommar, som utover vinteren kjem på besøk til Møre og Romsdal. 

- Øyer i Europa lir ofte av høg arbeidsløyse, særleg utanom turistsesongen. Det er spesielt vanskeleg for unge fagpersonar på øyene, og i mindre sentrale strøk generelt, å få seg jobb som svarar til kvalifikasjonane, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Arne-Håkon Sandnes.

Møre og Romsdal fylkeskommune er med i EØS-prosjektet YENESIS, eit program retta mot nettopp denne gruppa. Programmet består av opplæring, studiebesøk og praksisperiode, der målet er nye jobbar innafor områda energi-effektivisering, fornybar energi, berekraftig reiseliv og mobilitet.

- Møre og Romsdal har mange flinke gründerar, og gjennom hoppid.no har vi etablert eit godt system for gründerskap. I tillegg har NAV ei rekke ordningar og tiltak for å hindre utanforskap og fremme sysselsetting blant unge, seier Sandnes. Fylkeskommunen skal som ekspertpartnar i prosjektet, levere metodikk og verktøy, både regionale og nasjonale, som grunnlag for politiske tilrådingar til nasjonale myndigheiter og EU-institusjonar.

Dei første ungdommane kjem altså denne veka. I løpet av fire dagar skal dei blant anna på bedriftsbesøk, møte lokale gründerar, tur til vindenergisenteret på Smøla og utvikle ideane sine i ein workshop med design thinking-metodikk.

Snarvegar

Kontakt