Etablerer EU-nettverk i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune får 1,5 mill. kroner frå Forskingsrådet for å etablere eit EU-nettverk for Horisont Europa i Møre og Romsdal. Nettverket skal gjere det lettare for aktørar med forskings- og utviklingsprosjekt å søke EU-midlar og finne samarbeidspartar ute i Europa. 

Skriv ut

Horisont Europa, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon for 2021-2027, er i oppstartsfasen og utlysingane vil kome på løpande band. Forskingsrådets regionansvarlege for Møre og Romsdal, Arthur Almestad, er svært tilfreds med at fylkeskommunen får støtte til et eige EU-nettverk der fleire regionale aktørar jobbar saman om å utnytte dei store moglegheitene i Horisont Europa. 

- Viss vi skal lykkast i Horisont Europa, må vi jobbe saman. Forskingsrådet og Innovasjon Norge har både ein nasjonal og regional rolle i å bistå bedrifter, forskingsmiljø og offentleg sektor med å utvikle prosjektidear og å søke prosjektmidlar frå det europeiske rammeprogrammet. EU nettverka som er etablert i hele landet, er eit ledd i mobiliseringsarbeidet til Horisont Europa. Vi som virkemiddelaktørar, vil jobbe tett saman med EU-nettverket i Møre og Romsdal for å få ein best mogleg koordinert innsats. Å delta i Horisont Europa er eit viktig bidrag for å sikre norsk omstillingsevne, konkurransekraft og å løyse dei store samfunnsutfordringane vi står overfor, seier Almestad.

Eksportkraft og grøn omstilling

I Møre og Romsdal vil EU-nettverket i første omgang arbeide for berekraft og grøn omstilling i havnæringane og i kommunesektoren. - Møre og Romsdal har mål om at vårt næringsliv skal vere internasjonalt leiande, og at vi skal ha ein innovativ offentleg sektor. For å oppnå det må vi styrke konkurransekrafta i næringslivet i tråd med det grøne skiftet. Då er det avgjerande at vi hentar kunnskap og ressursar ute i Europa og at vi samarbeider med aktuelle internasjonale miljø. Horisont Europa er eit godt verktøy for å oppnå dette, og EU-nettverket blir ein viktig arena  for å få til gode tverrfaglege prosjektsatsingar for næringsliv og offentleg sektor, seier næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Aspås. 

Oppstart hausten 2021

EU-nettverket i Møre og Romsdal vil starte i løpet av hausten 2021 og skal vare ut 2024. Prosjektleiar for EU-nettverket og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune Malene Aaram Vike ser fram til å samle utviklingsaktørar til webinar og workshops. -Det er stadig fleire som oppdagar moglegheitene i EUs rammeprogram, men vi vil at enda fleire aktørar frå regionen skal oppleve at dei har ein reell moglegheit til å søke samarbeid og EU-midlar for sine prosjekt, seier Vike. 


 

Kontakt