Er du permittert eller ledig?  No kan du få gjort ferdig vidaregåande opplæring

Har du gått i vidaregåande opplæring og ikkje fått vitnemål eller tatt fagbrev?  Har du ikkje gått på vidaregåande opplæring, men har lang arbeidspraksis? Er du blant dei som i tillegg er permittert eller arbeidsledig, eller står i fare for å miste jobben ?

Skriv ut

No tilbyr Møre og Romsdal fylkeskommune opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.

Tilbodet er retta mot dei som manglar fag for å bli ferdige med vidaregåande opplæring.  Kanskje du slutta før du var ferdig med skolen eller læretida? Eller kanskje manglar du eit eller fleire fag, eller fekk ikkje teke fagprøva?

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring.  No har vi moglegheit å hjelpe fleire med å kome i mål.

Fylkeskommunen har fått tilskot frå stortinget som vi skal bruke til å gje tilbod til ledige og permitterte under pandemien.

Det vil bli sett i gang ulike tiltak utifrå behova til dei som er interessert.

Tilbodet er gratis!

For å melde interesse må du fylle ut registreringsskjemaet lenger nede på sida.

Frist for å sende inn skjemaet er 10. august

Etter at fristen er ute, vil det ta ei stund før vi har meir informasjon om kursa. Vi kjem tilbake til kvar enkelt i løpet av september for å gje tilbakemelding på kva tilbod vi i første omgang vil sette i gang.

Opplæringstilbod mot fagbrev eller studiekompetanse
Kryss av:
Kryss av:
Kryss av:

Kontakt