Endring i nasjonal sykkelrute

Den nasjonale sykkelruta, Kystruta, går langs heile kysten av Norge. Mellom Kristiansund og Ålesund er tilråinga å endre traséen over nordøyane grunna undersjøiske tunnellar. Ny rute skal gå via Molde og Otrøya.  

Skriv ut

- Det nasjonale sykkelnettet skal gjere det mogeg å sykle over lange avstandar, utan å måtte ferdast på dei mest trafikkerte vegane, seier rådgivar i fylkesvegavdelinga til Møre og Romsdal fylkeskommune, Bjørn Thomas Melhus.  

Ein av traséane er i dag over Gossen, Finnøya og Harøya. Frå Harøya har det gått ferge til Brattvåg, men denne blei nedlagd etter opninga av Nordøyvegen i 2022. Det er på bakgrunn av dette at samferdselsutvalet i fylket ser på alternative vegar, og vil tilrå å endre Nasjonal sykkelrute nr. 1.  

Sykkelforbod i tunnellar 

- Ferje- og båtrutene mellom nordøyane og fastlandet er lagt ned etter opninga av Nordøyvegen, forklarar Melhus. - Dersom ein skal komme seg inn til fastlandet må ein gjennom fleire undersjøiske tunnellar, og desse har sykkelforbod. 

Fylkeskommunen har sett på tre alternativ der syklistane unngår tunnell, eller for transport gjennom tunnell. Alternativ 1 er Kristiansund – Gossen – Nordøyane. Det vil seie same rute som i dag, men med transport igjennom tunnellane. Utfordringa med rutebuss er at det er relativt få avgonger. Tilkallingsteneste for til dømes taxi er berekna å ha høge kostnader og lang ventetid.  

Lite trafikk og oversiktleg veg 

Alternativ 2 er Kristiansund – Mordalsvågen – Otrøya. Frå Dryna på Otrøya går ferja til Brattvåg, og binder saman Romsdalen med Sunnmøre. Strekninga har mykje trafikk enkelte stader, og er ikkje veldig egna for syklistar. I alternativ 3 går ruta frå Kristiansund – Malmefjorden – Skaret – Molde – Mordalsvågen – Otrøya – Brattvåg.  

Tilråinga frå administrasjonen til innstilling for fylkeskommunen er det siste alternativet, sjølv om den går i indre strok og dermed ikkje passar heilt til namnet “kystruta”.  

- Alternativ 3 er oversiktlig og stort sett lite trafikkert, og ein slepper tunnellar med sykkelforbod, seier Melhus.  

Det er blanda trafikk eit stykke forbi Molde ferjekai, men vegen er oversiktleg. Ein annan fordel kan vere at vegen inneber god moglegheit til proviantstopp i Molde etter lange strekningar utanfor handelssentra.

Kontakt