Elevrådskonferansen skal bidra til å skape eit godt skolemiljø og styrke elevane sin stemme

Leiarar og nestleiarar frå elevråda på vidaregåande skolar i heile fylket møttest på Vestnes 4.-5. oktober.

Skriv ut

Målet med konferansen er å motivere elevråda til å vere ein tydeleg og sterk medspelar for elevane på skolen. 

- Elevundersøkinga har dessverre vist i fleire år at elevane ikkje opplever høg grad av medverknad i den vidaregåande skolen. For å styrke elevane si stemme, ønsker vi å bidra til eit godt elevrådsarbeid og gjennom dette styrke elevane sin medverknad, seier Tove Regine Stranden, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal, som arrangerte konferansen.

På programmet stod fagleg innhald, viktige diskusjonar, erfaringsdeling og nettverksbygging. 

Meininga var å bidra med

  • ein tryggleik i rolla som leiar/nestleiar
  • verktøy til å kunne påverke på din skole
  • eit innblikk i fylkeskommunen sitt arbeid på dei vidaregåande skolane
  • eit nettverk på tvers av dei vidaregåande skolane i fylket

Snarvegar

Kontakt