Elevar frå Møre og Romsdal til topps i forskningskonkurranse og i Ungt Entreprenørskap
Prisdryss: I dag fekk elevar frå Fagerlia vgs ein tredjeplass i Holbergprisen i skolen. I sist veke vann Romsdalselevar pris for beste samarbeid med næringslivet i Ungt Entreprenørskap. Vi gratulerer med flott plassering til begge.
I dag vart Holbergsprisen kunngjort av ingen ringare enn Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. Vestby skole i Viken fylkeskommune stakk av med førsteprisen, mens tredjeprisen gjekk til Sigve Nydal, Guro Solli Grønningsæter og Stian Sørland frå Fagerlia videregående skole i Møre og Romsdal, for prosjektet «Trivsel og læringsmiljø i store og små skoleklasser». Her undersøker dei om små skoleklassar er kjenneteikna av høgare trivsel og betre læringsmiljø enn store klassar.
Holbergprisen i skolen blir arrrangert av Holbergprisen, ein internasjonal forskningspris innan humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi som elevar frå 20 skolar i landet blir invitert til å vere med i.
Pris for berekraftig innovasjon
I sist veke vann elevar frå Romsdal VGS i elevbedrifta iPakk UB pris for ‘Beste samarbeid med næringslivet med NHO’.
Dei nybakte norgesmeistrane tilbyr berekraftig og gjenbrukbar silikonemballasje for pallesikring til grossistar. Dei tok også 2. plass i ‘Innovasjonsprisen’ iPakk OB består av Amanda Hvattum, Sara Sandhaug, Astrid Beinset, Victoria Leksen og Ane Steinsrud, frå Innovasjon og ledelse på Romsdal vgs.