Eit steg nærare realisering av Sørsida

Utviklinga av Sørsida i Ålesund går inn i ein ny fase med konkret utvikling av enkelte byggeprosjekt.

Skriv ut

Ved å flytte eksisterande leigeavtalar til Sørsida kan fylkeskommunen aktivt bidra til etablering av byggeprosjekt i Kulturhavna utan å måtte gjere større økonomiske investeringar eller gjere større auke i driftsramma.

Dette kjem fram i ei orienteringssak som vert lagt fram for fylkesutvalet 1. juni.

-  Eit større innslag av offentlege leigeavtalar i eit byggeprosjekt reduserer den økonomiske risikoen for både investor og utbyggar vesentleg. Derfor vurderer vi det som gunstig å samle nokre av leigeavtalane som i dag er spreidd rundt i Ålesund for så å lyse ut ein langsiktig leigeavtale på Sørsida, seier Per Olaf Brækkan, bygg- og eigedomssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det føresett at dei lågare etasjane i bygga vert leigd ut til kulturformål.

Samlokalisering gir gevinstar

Fylkeskommune brukar i dag 118 mill. kroner årleg fordelt på 122 leigeavtalar. I Ålesund leiger fylkeskommunen lokale til administrative arbeidsplassar fleire stadar i byen.

Fylkeskommunen har positiv erfaring med å samle fleire av dei administrative arbeidsplassane i Kristiansund. Det har gitt  positive ringverknader som eit større og sterkare fagmiljø, og styrka rekruttering.

- Vi meiner at fylkeskommunen sine nær 100 administrative stillingar i Ålesund vil blir meir synlege gjennom ei samlokalisering på Sørsida. Dette er viktig for å vere til stades i Ålesund, men også for å kunne rekruttere frå heile fylket, seier Brækkan.

Fylkeskommunen er no i dialog med Stiftinga Musea på Sunnmøre (MUPSU) om korleis bygga, som er eigd av fylkeskommunen og brukt av MUPSU, kan brukast inn mot Kulturhavna og om ei mogeleg nyetablering på Sørsida. I kva grad Møre og Romsdal fylkeskommune skal ha tilbod innan vidaregåande opplæring på Sørsida er også under utgreiing.

Prosjektet reorganisert

Etter at intensjonsavtalen vart godkjent i september i fjor, vart det oppretta ei prosjektgruppe leia av Sørsida Utvikling AS (SU) kor Ålesund kommune (ÅK) og Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK) deltar.

- Etter denne reorganiseringa, har arbeidet med Sørsida hatt ei betre framdrift, og det er eit mål å legge fram funksjonsprogram for Sørsidebygget til politisk behandling i desember 2021, avsluttar Brækkan.

Du kan lese heile saksframlegget på mrfylke.no/politikk

Kontakt