- Eg trur vi må vere ein av dei heldigaste skolane i landet

Rektor Margaret Alme lovpriser vertskommunen for å prioritere skolehelsetenesta ved Ulstein vidaregåande skule så høgt. – Det er gull verdt, både for elevar og tilsette, seier ho.

Skriv ut

Alme er glad for at Ulstein kommune tar ei sårbar aldersgruppe på alvor, og at kommunen dei siste åra har utplassert to helsesjukepleiarar i til saman 110 prosent stilling på skolen. I tillegg har Ulstein kommune i år oppretta ei 50 prosent prosjektstilling retta mot ungdom og psykisk helse, med kontorstad på den vidaregåande skolen.

Satsinga frå kommunen gjer at kontaktlærarane ved Ulstein vidaregåande skule kan bruke tida på undervisning, og mindre krefter på å hjelpe elevar som slit med den psykiske helsa.

- Eg seier det både til kontaktlærarane og på foreldremøte: De anar ikkje kor heldige de er som har apparatet! Eg trur vi må vere ein av dei heldigaste skolane i landet som får ei slik støtte av kommunehelsetenesta, seier Alme, som er rektor for 575 elevar og 100 tilsette.

Varierande satsing

Kariann D. Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, bekreftar at ressursane som vertskommunane set av til skolehelseteneste i dei vidaregåande skolane, varierer frå kommune til kommune.

- Nokre kommunar, som Ulstein, har heldigvis sett at skolen er ein viktig arena for førebygging. På sikt kan det vere tenleg for kommunane, seier Flovikholm.

Gode resultat for elevane

Vertskommunen Ulstein si prioritering dei siste åra, meiner rektor Alme har gitt gode resultat. Ho tør ikkje sette to strek under svaret, men:

- Eg er heilt sikker på at ein del av dei gode tala vi har, både låge sluttetal og eit ok resultat, kan skrivast til eit godt hjelpeapparat på huset, seier ho.

Alme hugsar godt korleis det var då skolen hadde helsesjukepleiar to timar i veka:

- Kontaktlærarane var saman med rådgivarane eigentleg heilt åleine om den psykososiale jobbinga. Og ingen av oss har helsefagleg bakgrunn, vi er jo pedagogar alle i hop. Berre kampen for å finne ut kor du søker hjelp dersom eleven treng det... Du følte deg eigentleg veldig åleine. Det var ei kjensle av å vere åleine på ei aude øy med problema deira.

- Elevane var like sjuke då som no, men no er det berre blitt meir snakk om det, seier ho.

Frå brannslokking til førebygging

Helsesjukepleiar Daniel Eide Moltumyr bekreftar at dei no har kome så langt, at dei kan jobbe førebyggande med elevane.

- Vi prøver å jobbe breitt, og ønsker å være meir ute i klassene og snakke med flest mogleg. Trefftida er basisen i det vi driv med og veldig viktig. Det er der ungdomane på eige initiativ oftast kjem og får hjelpa dei treng. Jo meir vi er her, dess meir veit skolen at dei kan rekne med oss. Då blir det eit godt samarbeid, seier Moltumyr.

Kollega Hanna Elisabeth Langnes Moldskred seier at dei har faste tema som dei kvart år snakkar om til elevane:

- I tillegg prøver vi å vere på tilbodssida overfor kontaktlærarane. Dersom dei ser noko som rører seg, noko elevane er opptatte av eller noko som er utfordrande i ein klasse, så ønsker vi å komme inn tidleg.

Helsesjukepleierane planlegg samtalegrupper i nokre klasser, og har i samanheng med det sett seg ein hårete ambisjon om å gi elevane ein god ballast:

- Dersom alle som har gått på Ulstein vidaregåande skule har erfaring med å sitte i ei gruppe og prate om livet, om det som er tøft og vanskeleg - og også løysingane, så tenker eg at det er ein kjempefin verdi å ha med seg inn i vaksenlivet, seier Daniel Eide Moltumyr.

Ulstein vidaregåande skule har dei siste åra hatt to helsesjukepleiarar i til saman 140 prosent stilling. Frå i år er dette redusert til 110 prosent fordelt på dei to.

Prosjektstillinga i 50 prosent, som Ingrid Redse Mjaaseth har, er finansiert av midlar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og er øyremerka arbeid i vidaregåande skole med psykisk helse og rus.

Bygg relasjonar til elevane

Den tysdagen vi var innom Ulstein vidaregåande skule, var politiet og kommunepsykologen på besøk for å snakke med Vg2-elevane om rus. Besøket var i regi av skolehelsetenesta.

Dei ser begge stor verdi av førebyggande arbeid:

- Vi vil bygge ein relasjon til elevane. Dess betre vi greier å kommunisere med dei i fredstid, jo enklare er det å takle ein situasjon når det drar seg til, seier politioverbetjent Pål Inge Olsen, koordinator for førebyggande politiarbeid på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt.

Kommunepsykolog Tomas Myklebust i Ulstein begynte i jobben for snart to år sidan.

- Eg har valt å bruke primærressursane mine på å jobbe førebyggande, i staden for å fange opp dei som har blitt sjuke. Nesten heile stillinga mi handlar om det. Det får eg ikkje til aleine. Men med hjelp av dei tre ressursane, og skulen ikkje minst, så får vi ei moglegheit til å komme inn på ungdomane i ein tidleg fase i livet, seier kommunepsykologen.

Kontakt