Busstilbodet i Molde skal styrkast frå 2025

Frå 2025 skal rutetilbodet med buss i Molde bli styrka, blant anna med fleire avgangar i rushtid og auka opningstid på morgon, kveld og helg.

Skriv ut

Formålet er tydeleg i planane for konkurranseutsetting av transporttenester i rutepakke 3 Molde og Gjemnes, som fylkeskommunedirektøren legg fram for samferdselsutvalet: I den neste kontraktsperioden skal bruken av kollektivtransport i Molde aukast. Rådgivingselskapet Strategisk Ruteplan har i ein rapport laga for Møre og Romsdal fylkeskommune berekna ein trafikkvekst på 15 prosent.

Målet med oppgraderinga

Målet med oppgraderinga av rutetilbodet er:

  • Ei styrking av tilbodet med fleire avgangar i rushtid
  • Auka opningstid på morgon, kveld og helg
  • Betra framføringstid og meir oversiktleg rutenett

Det blir også tatt høgde for nye reisebehov når det nye sjukehuset på Hjelset opnar i 2025: «Kollektivtilbodet skal tilpassast dei tilsette på sjukehuset, pasientar og pårørande, og det vil vere heilt nødvendig med gode overgangar til dei andre rutene omkring i Molde», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.

Fylkeskommunedirektøren tar høgde for ei viss auke i produksjon i rutepakke 3 i konkurransegjennomføringa. «Ei produksjonsauke som medfører høgare kostnad vil vere gjenstand for ny politisk behandling før iverksetting», går det fram av saksframlegget.

Krav i anbodet

Det vil i anbodet vere krav om at bussane som skal brukast i kontrakten skal vere utsleppsfri. Dagens bussdrift med 25 bussar, der alle køyrer på konvensjonelt drivstoff, har eit årleg utslepp på om lag 1.280 tonn C02.

Det vil også bli sett kvalifikasjonskrav om at tilbydar skal vere miljøsertifisert, tilleggskrav til materiell med særleg fokus på sikkerheit for bussjåførar og passasjerar, krav om universell utforming og at operatør skal ha ansvar for utstyr knytt til sanntids- og passasjertellingssystem, noko som vil gi kundane god informasjon i appar og på internett.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal stille depot (bussanlegg) i Molde til disposisjon for operatør for å sikre konkurranse på like vilkår i eit område der det er knappheit på areal. Det blir jobba med å finne gode plasserigar, og målet er at lokalisering skal vere kjent seinast januar 2023.

Ti års kontraktslengde

Fylkeskommunedirektøren tilrår ei kontraktslengde på ti år og ber om å få gjennomføre anbodskonkurransen som planlagt.

Utforminga av det nye kollektivtilbodet i Molde blir iverksett først etter ein medvirkningsprosess saman med kommunen, helseforetaket m.fl.

Saka blir behandla av samferdselsutvalet torsdag 29. september, deretter fylkesutvalet og til endeleg avgjerd i fylkestinget 17. oktober.

Snarvegar

Kontakt