Blir hovudsamarbeidspartnar for nytt berekraftsprogram

SpareBank1 Nordmøre og NEAS blir hovudsamarbeidspartnarar for Internship-programmet for berekraftig utvikling på Campus Kristiansund.

Skriv ut

Avtalen betyr både fagleg og økonomisk samarbeid dei neste åra.

United Cities Internship Program på Campus Kristiansund er eit internasjonalt praksisprogram for unge menneske som har masterutdanning og ønsker å jobbe med berekraftig utvikling etter studiane.

Stolte samarbeidspartnarar

Administrerande direktør Allan Troelsen i SpareBank1 Nordmøre seier dei er stolte av å bidra til å realisere dette spennande initiativet for vekst og berekraftig utvikling:

- Som lokal sparebank skal vi aktivt bidra til ei meir berekraftig framtid i regionen, og dette er ein kontinuerleg prosess som høyrer naturleg under vårt samfunnsansvar, seier Troelsen.

Også Kristin Wiik, HR-leder i NEAS, har store planar for samarbeidet:

- Gjennom deltaking i United Cities Internship Program på Campus Kristiansund ønsker NEAS å bidra - til arbeid med berekraft, kunnskapsdeling, og eit nettverk mellom verksemder i regionen, seier Kristin Wiik, HR-leder i NEAS.

Klar forventning

Roland Mauseth, prosjektleiar for Campus Kristiansund, seier at også Campus har ei klar forventning om at programmet skal bidra til å bygge opp kompetanse på berekraftig utvikling ute i offentlege og private verksemder, for å ta ein posisjon på området.

- Derfor er det ein milepæl for Internship-programmet og for Campus Kristiansund at SpareBank1 Nordmøre og NEAS blir med oss på laget, og vi håper sjølvsagt på at også andre verksemder, store som små, over tid vil ha interesse av det same, seier Mauseth.

Om programmet

United Cities Internship Program på Campus Kristiansund er eit felles initiativ frå Kristiansund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og FN-organisasjonen United Cities, som jobbar med berekraftsprosjekt fleire stadar i verda. Fylkeskommunen har gjennom Berekraftsfylket vore ein pådrivar for berekraftsarbeid i alle kommunane i fylket. Kristiansund kommune har vore ein av pionerane i å kartlegge kommunen si berekraft og integrere dette arbeidet i eigne styringssystem. Dette ga grunnlaget for ei felles satsing i Kristiansund.

Pilotkullet, med deltakarar frå åtte land og tre kontinent, startar 19. september i Kristiansund. Internship-kandidatane får blant anna lære om kva som skal til for å få til berekraftig verdiskaping med grunnlag i stadsutvikling i eit tillitsbasert samarbeid mellom partane i det norske arbeidslivet, og mellom offentleg og privat sektor. Dei skal gjennom prosjekt også bidra til at verksemder i Møre og Romsdal snur seg fortare rundt for å utvikle og utnytte ny teknologi og dei moglegheitene berekraft gir.

Snarvegar

Kontakt