Ber regjeringa bidra med omstillingsmidlar til utsleppsfri ferdsel på Geirangerfjorden

Stortinget har vedtatt at all ferdsel på Geirangerfjorden skal vere utsleppsfri frå 2026. Det vil krevje store investeringar i lokal infrastruktur - langt større enn vår region kan klare åleine. Fylkeskommunen vil difor, saman med verdsarvkommunane og næringslivet, be regjeringa stille med ekstraordinære omstillingsmidlar.

Skriv ut

I 2018 fatta Stortinget vedtaket om nullutslepp på verdsarvfjordane med verknad frå 2026. I praksis vil dette bety bom stopp for all ferdsel på fjorden inn til Geiranger - med dagens skip og energiløysingar. Utan nødvendig omstilling vil vedtak om nullutslepp få alvorlege verknader for  nærings- og samfunnsliv i Geiranger og for heile regionen.

Statleg bidrag nødvendig for å lykkast

Samstundes er det semje om at aktiviteten i verdsarvområdet må utviklast i ei meir berekraftig retning. Masseturisme gir utfordringar for ei lita bygd, og store utslepp frå skipstrafikken på Geirangerfjorden er ikkje i tråd med verdsarvstatusen. Nullutsleppsvedtaket betyr at næringsliv og offentlege myndigheiter knytt til Geirangerfjord verdsarvområde må ta ansvar for eit utviklings- og omstillingsarbeid på vegne av heile Norge som reisemål.

-Lykkast vi med dette arbeidet, og får vi dei heilt naudsynte løyvingane frå staten, kan denne omstillinga sørge for at teknologiutviklinga skyt fart, og at løysningane for å nå nasjonale klimamål knytt til skipsfarten kjem på plass i tide, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve. - Men, verdsarvområdet har ikkje åleine dei finansielle ressursane som skal til for å klare denne omstillinga. Her vil statlege bidrag vere nødvendig, seier ho vidare.

Opp mot 600 million i investeringar

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom prosjektet Omstilling av Geirangerfjorden verdsarvområde med omland utarbeidd ei oversikt over tiltak som bidreg til å innfri nullutsleppsvedtaket. Dette omfattar i første omgang sikring av naudsynt el-forsyning inn til verdsarvområdet, men også tiltak for å handtere auka ferdsel på veg samt handtering av kloakkutslepp til verdsarvfjorden. Tala i tiltaksporteføljen er førebelse, men gir ein god indikasjon på storleiken - opp mot 600 millionar kroner vil måtte investerast totalt for å kome i mål.

Snarvegar

Kontakt