Bedrifter og kommunar kan søke om tilskot til fagbrev for tilsette

Har du tilsette som ønsker å ta fagbrev – på fagfelt som bedrifta di har bruk for? Søk Møre og Romsdal fylkeskommunen om  tilskot – og gi bedrifta di eit kompetanseløft.

Skriv ut

Formålet med tilskotsordninga er at fleire personar får tatt nytt fagbrev, anten dei har fagbrev frå før, eller ikkje – og styrke kompetansen både i privat og offentleg sektor.

- Vi ønsker å gi bedrifter og kommunar drahjelp til å møte dagens eller framtidas kompetansebehov. Dette vil vere vinn-vinn: Verksemda får styrka kompetansen på feltet dei har behov for, samtidig som den tilsette får formalisert kompetansen sin og får fleire bein å stå på, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Slik fungerer det:

Bedrifter og kommunar kan søke om 65.000 kroner per kandidat som ønsker å ta nytt fagbrev. Midlane blir utbetalt til den som søker, og kan brukast til å dekke utgifter som kjem i forbindelse med fagbrevet.

Den tilsette må ha  godkjent studie- eller yrkeskompetanse i botn og teikne ny lærekontrakt. Han eller ho kan ha fagbrev frå før, men ha ønske om å utvide fagfeltet sitt.

Ordninga erstattar ikkje eksisterande ordningar, men kjem i tillegg til lærlingtilskotet alle bedrifter med lærlingar får.

Søknadsfristen er løpande fram til 1.12.2022. 

Meir informasjon finn du på mrfylke.no.

Søknaden skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no

Kontakt