Arrangerer fagdag om informasjonssikkerheit og personvern

I den nasjonale sikkerheitsmånaden oktober arrangerer fagnettverket Digi Møre og Romsdal ein fagdag om informasjonssikkerheit og personvern, spesielt retta mot oppvekstsektoren i kommunane.

Skriv ut

Digi Møre og Romsdal er eit regionalt samarbeid om digitalisering, der alle kommunane i Møre og Romsdal og fylkeskommunen er med. Prosjektet er ein del av programmet Møre og Romsdal 2025, der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal samarbeider for å styrke regionen.

Eit tiltak har vore å samordne fagnettverk for personvern og informasjonssikkerheit i heile fylket, mellom anna for å bidra med felles kompetanseutvikling, slik som fagdagen 2. november.

- Arbeidskvardagen baserer seg i større og større grad på digitale løysningar. Redusert merksemd og mangel på kompetanse kan føre til brot på personvernet, noko som kan vere straffbart. Kunnskap om sikkerheit blir derfor ein viktigare del av dei tilsette sin kompetanse, seier Siri Hollingsæter Stene, prosjektleiar i Digi Møre og Romsdal.

Denne dagen ønsker Digi Møre og Romsdal å rette fokuset mot oppvekstsektoren, for å auke kunnskapen om og forståinga for informasjonssikkerheit og personvern og det utfordringsbildet dei møter i arbeidet sitt.

Dagens trusselbilde

Fagdagen er todelt. Første del handlar om dagens trusselbilde, digital beredskap og Zero Trust. Del to rettar seg direkte mot oppvekstsektoren med kompetanseheving og korleis vi kan lære av sikkerheitsbrot vi har erfart i skolen.

Nasjonal interesse

Fagdagen har skapt interesse nasjonalt, og fleire fylke har meldt at dei ønsker å bli med. Eit av måla i Digi Møre og Romsdal er å dele på gode løysningar, derfor er det lagt til rette for at interesserte frå samarbeidande digitaliseringsnettverk kan delta digitalt.

Ønsker du å delta på fagdagen kan du sende epost til siri.hollingsater.stene@kristiansund.kommune.no.