Arkeologar fann båtgrav frå vikingtida i Åndalsnes

Sist veke vart det gjort funn av ei båtgrav på Setnes i Åndalsnes. Grava er enten frå vikingtida eller enda tidlegare. Det var Aaron Johnston, arkeolog i fylkeskommunen som gjorde funnet.

Skriv ut

Johnston fortel at han har vore arkeolog i over 20 år, men at han aldri har funne noko så spesielt.

I arbeidet med legge eit nytt rør, var han med for å overvake gravearbeidet, då det tidlegare har vore funn i området. – Eg la merke til ein spikar som hadde eit utpreget firkanta spikarhovud og skjønte med ein gong at det kunne vere ei båtgrav, seier Johnston. Dette vart seinare bekrefta av fylkeskonservator Bjørn Ringstad.

–Vi er sikre på at dette er ei grav, men veit ikkje om grava har tilhøyrt ei kvinne eller ein mann. Området her kan vere ein del av eit større gravfelt, seier Ringstad.

Ringstad fortel at det tidlegare har vore gjort rike funn i området, og at det derfor ikkje uventa at funnet dukka opp. På 60-talet vart det også grove fram ei båtgrav med rike funn i området, men den gonga vart dessverre utgravinga gjort av maskiner i staden for arkeologar. Funnet frå 60-talet er den rikaste vikingtidsgrava som er funne i Møre og Romsdal nokon gong.

Vil sannsynlegvis gjere fleire funn

Ei undersøking med metalldetektor vart utført søndag 4. juli, og om lag 80 båtspikrar vart funne, saman med andre gjenstandar, inkludert det som mogeleg er ein kniv.

Båtnaglane er no frakta til Molde slik at dei kan blir gjort klar til bevaring i laboratoriet i Trondheim. Seinare vil det bli fleire utgravingar i området. Fram til da vil funnstaden bli dekt til for å bevare den best mogeleg, fram til Vitenskapsmuseet i Trondheim kan starte ei større utgraving over sommaren.

Kontakt