Alle munnlege eksamenar er avlyst

I dag bestemte Kunnskapsdepartementet at alle munnlege eksamenar blir avlyst, både ved vidaregåande skolar og ungdomskolar over heile landet. Dette gjeld ikkje eksamen for privatistar, desse eksamenane vil bli gjennnomført.

Skriv ut

Avlysinga er grunngjeve i smittesituasjonen, med fleire lokale utbrot over heile landet. Per i dag sitt fleire tusen elevar og fleire hundre lærarar i karantene, og regjeringa meiner det er grunn til å tru at dette vil vere situasjonen dei neste vekene.

Mange har tidlegare bedt om at munnleg eksamen skulle bli avlyst, både med omsyn til smittevern, ei krevjande tid før eksamen og ulike føresetnader for undervisning rundt om i landet.