Akvakultur: ny frist for å kjøpe laksevekst

Fiskeri- og sjømatministeren utsett tidsfristane for oppdrettarar til å kjøpe vekst og melde seg på auksjonen av laksevekst.

Skriv ut

Auksjonen av kapasitet etter forskrift om kapasitetsjusteringar for løyve til akvakultur av matfisk i sjø i 2020 er opna igjen. Ny frist for påmelding til auksjonen er 21. juli 2020 klokka 23:59.

I tillegg er det blitt fastsett ny frist for selskap som har oversitte fristen for å kjøpe vekst til fastpris, eller såkalla unntaksvekst, jf. forskrift om kapasitetsjusteringer for tillatelser til akvakultur med matfisk i sjø i 2020 § 12 første ledd bokstav b.

Ny frist for søknad er 24. juli 2020. Ved oppmøte hos fylkeskommunen må søknaden være mottatt seinast 24. juli 2020 klokka 15:00.

Vi viser til nærare informasjon på Fiskeridirektoratet sine nettsider «Ny frist for å kjøpe laksevekst», med vidare henvisningar til forskriftsendringane og nettsidene til Nærings- og fiskeridepartementet.

Fiskeridirektoratet la 23 juni ut ny informasjon om auksjonen i august 2020, med demo av auksjonsprogramvare. 

Klikk her for å komme til nettsida om auksjon august 2020

Snarvegar

Kontakt