Ada og Andrine skal trygge jenter til å ta plass

40 jenter frå heile Møre og Romsdal skal i haust delta på ein unik fotballskole i regi Team Hegerberg i Ålvundfjord. Fotballproffane Andrine og Ada skal ause av egen erfaring og hjelpe jenter til å få sjølvtillit og tryggleik til å ta plassen dei fortener.

Skriv ut

Målgruppa er primært fotballjenter i alderen 15-16 år. Og dei vil få møte dei profesjonelle fotballspelarane; Andrine blir med i Ålvundfjord, mens Ada deltar digitalt.

- Vi kallar det ikkje for skole, men «Ada og Andrines fotballære» – deira måte å tenke på for å klare og senke skuldrane og finne kjernen i seg sjølv. Sånn skal dei utviklast frå den plattforma som kvart enkelt individ har, seier Stein Erik Hegerberg, far til Andrine og Ada.

Mykje meir enn fotball

Mor Gerd Stolsmo strekar under at fotballskolen dreier seg om så mykje meir enn fotball, og at jenter treng å bygge sjølvtillit for å nå opp og fram, både i fotball og elles i samfunnet: - Det er tøffe kår for damer i idretten, og vi har ein lang veg å gå for å få dei rettighetene vi for lenge sidan burde hatt. Då må jentene byggast for å krevje den plassen dei fortener å ha – også elles i samfunnet.

Stein Erik Hegerberg seier at dei på fotballskolen vil bruke erfaringane som Andrine og Ada har hatt, både av med- og motgang. For sjølv om døtrene deira er blant verdas beste fotballspelarar, har det opp gjennom åra ikkje vore berre enkelt som jente å komme opp og fram:

- Det har også for oss vært ei reise i læring og danning. Det er desse erfaringane vi bruker. Og det er Andrine og Ada sin måte å tenke på som er basisen. Vi presiserer at deltakarane ikkje er kome for å gjere slik vi seier, men for å få nokre idear for å utvikle seg sjølv. Vi seier alltid at «passar det, så brukar du det, viss ikkje forkastar du det». Du må ta egne sjølvstendige val. Vi seier heller ikkje at det er skolering og at dette er måten å gjere det på, men vi vil ha ungdomane til å finne sin egen stemme i seg sjølv, seier Hegerberg.

Når fotballjentene kjem på fotballskolen, får dei først høyre at dei ikkje er kome for å prestere, men for å finne kjernen i seg sjølv og å senke skuldrane. Stressnivået skal ikkje øydelegge for læringa.

- Vi seier at når du har verdiar, så bygger du stammen. Og då bygger du sjølvtillita som du treng for å bygge stemmen din, seier Stolsmo.

Stort press utanfrå

Gerd Stolsmo peikar på at fotballjenter i dag opplever eit stort press utanfrå. Mykje i sosiale media, men også av trenarar: - Vi snakkar mykje om å finne styrken din, finne kva du er god på, og halde godt fast på det. Då er det lettare å bli god på andre område, seier ho.

Bilde av Andrine og Ada Hegerberg saman med fotballspelarar frå Møre og Romsdal

Sentralt på Ada og Andrines fotballære, blir mellom anna å våge og vere sjølvstendig, læring gjennom små feil og å vere trygg nok til å vere komfortabel i det ukomfortable.

Frå Oslo til Ålvundfjord

Team Hegerberg har to gonger før arrangert fotballskole, begge i Oslo.

No skal dei gi tilbodet i Ålvundfjord. Garden som dei tok over ved nyttår skal vere base for aktivitetane. I fjøset har dei rigga plass for både undervisning og sosialt samvær. Fotballtreningane skal gå føre på Kvass/Ulvungen sin grasbane eller inne i fotballhallen like ved.

Fotballskolen har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune med 100.000 kroner. – Det hadde ikkje vært mogleg å gjennomføre fotballskolen utan desse pengane, seier Stolsmo og Hegerberg.

Vi er tent med jenter som tek plass

Kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at prosjektet er interessant og viktig av fleire grunnar.

- I tillegg til at det no er viktig å stimulere til aktivitet og gjenopning av kultur- og idrettslivet vårt, trur vi tilbodet vil vere motiverande og haldningsskapande for jentene som får vere med. Det gjer prosjektet svært interessant, også i eit likestillingsperspektiv. Trygge jenter, som tek plass, er vi tent med både i fotballen og i samfunnet elles, seier Olsen.

Fakta:

  • I Møre og Romsdal er det overskot av menn i dei aller fleste aldersgruppene. Det er berre i dei eldste aldersgruppene at kvinnene er i overtal.
  • Det er ein ubalanse i talet på kvinner og menn heilt frå fødselen av, men ubalansen gjer seg ekstra gjeldande i aldersgruppa 20–24 år.
  • I 2008 var delen kvinner blant leiarar i Møre og Romsdal 29,4 prosent. Dette har auka til 34,8 prosent i 2018. Landsgjennomsnittet i 2018 var 36,3 prosent.
  • Sysselsetting i Møre og Romsdal: Fordeling mellom menn og kvinner på høvesvis 53,3 prosent og 46,7 prosent
  • Kjelde: Fylkesstatistikk 2020

PS: Deltakarar kan ikke sjølv melde seg på fotballskolen. Denne gongen blir dei henta inn via klubbane.

Ada Stolsmo Hegerberg (f. 1995)

Speler for Olympique Lyonnais, Frankrike. Har vunne norsk cupgull, gull i Toppserien, gull i UEFA Champions League, gull i tysk serie, gull i tysk cup, og gull frå EM med det norske kvinnelandslaget. Ho vann Gullballen (Kniksenprisen, i 2015 og 2016) og av UEFA blei ho kåra til Europas beste kvinnelege fotballspelar i sesongen 2015/16. Tildelt Aftenpostens gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett og BBCs pris for årets kvinnelege fotballspelar i

2017. I desember 2018 blei ho den første kvinne nokon gong til å vinne den franske heidersprisen Ballon d'Or Féminin. (Kjelde: TeamHegerberg.com)

Andrine Stolsmo Hegerberg (f. 1993)

Speler for Roma, Italia. Andrine Stolsmo Hegerberg vann Statoils talentpris i 2011. Ho har tatt cupgull med Stabæk, sølv i cupen med Turbine Potsdam, bronse i serien med Kopparbergs Gøteborg, sølv både i liagcupen og FA cupen på Wembley for Birmingham og sølvmedalje i serien og cupgull for Paris Saint Germain. Ho har spelt 25 landskampar for Noreg. (Kjelde: TeamHegerberg.com)