Åtte kunstnarar får kunstnarstipend

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har delt ut ein million kroner i kunstnarstipend til åtte kunstnarar i fylket.

Skriv ut

- Det er ei glede å kunne gi ut desse stipenda. Kunstnarstipenda gjer det mogleg for kunstnarar til å fordjupe seg og utvikle kunsten sin. Men dei er også med på å styrke kunstnarøkonomien og sikre eit levande kulturliv i Møre og Romsdal, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

Stor interesse

Då søknadsfristen gjekk ut, var det totalt 78 søknadar.

- Dette viser at det er eit stort behov og stor interesse for ordninga, og det er godt å sjå at vi har så mange gode kunstnarar i fylket, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

Desse åtte fekk tildelt stipend:

Visuelle kunstartar – arbeidsstipend på 200 000 kroner

Henrik Koppen (Lauvstad)

Film – arbeidsstipend på 200 000 kroner

Jan Otto Ertesvåg (Ålesund)

Visuelle kunstartar

Anja Ulseth, 100 000 kroner (Tingvoll)

Film

Anders Emblem, 100 000 kroner (Ålesund)

Litteratur

Elin Grimstad, 100 000 kroner (Giske)

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen, 100 000 kroner (Valderøy)

Musikk

Kari Telstad Sundet, 100 000 kroner (Kristiansund)

Jorunn Marie Kvernberg, 100 000 kroner (Volda)

Sjå juryen sin uttale om dei ulike stipendmottakarane.

Kontakt