92 elevar blir bedne om å søke på nytt
Av 8.905 søkarar til dei vidaregåande skolane i fylket for skoleåret 2023/2024, blir 92 elevar ramma av låge søkartal på tilbodet dei har søkt.
Med bakgrunn i for låge søkartal foreslår fylkeskommunedirektøren at 33 tilbod ved 12 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal ikkje blir starta opp skoleåret 2023-2024. Ingen av tilboda har meir enn åtte søkarar.
Tilbodet for dei vidaregåande skolane for neste skoleår blir behandla i yrkesopplæringsnemnda onsdag 15. mars og avgjort av utdannings- og kompetanseutvalet fredag 17. mars.
- Alle dei 92 som blir ramma av tilbod som ikkje blir sett i gang, blir kontakta og får moglegheit til å søke på nytt, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm.
Talet på elevar som er ramma av forslaget frå fylkeskommunedirektøren, utgjer ein prosent av det totale søkartalet.
Tilrår ei justering
Kvart år etter søknadsfristen for dei vidaregåande skolane gjer fylkeskommunedirektøren ei justering av tilbodet ut frå søkartala, og kjem med ei tilråding. Utgangspunktet for vurderingane er krav som politikarane har bestemt:
- Studieførebuande utdanningsprogram: Minimum 65 prosent oppfyllingsgrad av vedtatt kapasitet
- Yrkesfag som rekrutter til lærefag: For å kunne starte opp halvklassar må det vere minimum seks primærsøkarar
- Yrkes- og studiekompetanse-tilboda (YSK): Minimum kapasitet er sett til ti primærsøkarar som også oppfyller karakterkrava i matematikk og naturfag
Kompetanse- og næringsavdelinga har hatt samtalar med skolane som har tilbod som ikkje møter kriteria som er sett for at tilbodet skal settast i gang. I samtalane er det vurdert om svakt søkte tilbod kan samordnast med andre tilbod ved skolen og dermed likevel bli sett i gang.
33 tilbod, 12 skolar
Dette er tilrådinga frå fylkeskommunedirektøren om kva for tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret 2023-2024:
Skole | Tilbod | Tal søkarar |
Borgund vgs. | Vg2 Betong og mur | 4 |
Borgund vgs. | Vg2 Datateknologi og elektronikk | 1 |
Borgund vgs. | Vg3 Dataelektronikarfaget | 5 |
Gjermundnes vgs. | Vg2 Anleggsgartnar | 3 |
Gjermundnes vgs. | Vg2 Industriteknologi | 0 |
Gjermundnes vgs. | Vg3 Studieførebuande naturbruk | 1 |
Haram vgs. | Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag | 5 |
Haram vgs. | Vg2 Industriteknolog | 5 |
Hustadvika vgs. | Vg1 Bygg- og anleggsteknikk, YSK 4 år | 1 |
Hustadvika vgs. | Vg1 Teknologi- og industrifag, YSK 4 år | 8 |
Kristiansund vgs. | Vg1 Medier og kommunikasjon | 4 |
Kristiansund vgs. | Vg2 Datateknologi og elektronikk | 1 |
Kristiansund vgs. | Vg2 kjøretøy | 5 |
Rauma vgs. | Vg1 Helse- og oppvekstfag | 3 |
Rauma vgs. | Vg2 Elenergi og ekom | 5 |
Rauma vgs. | Vg2 Kokk- og servitørfag | 4 |
Romsdal vgs. | Vg1 teknologi- og industrifag, studiekompetanse 3-årig | 4 |
Romsdal vgs. | Vg2 Klima, energi og miljø | 0 |
Romsdal vgs. | Vg2 treteknikk | 1 |
Romsdal vgs. | Vg2 Datateknologi og elektronikk | 4 |
Stranda vgs. | Vg1 Helse- og oppvekstfag | 5 |
Stranda vgs. | Vg1 Restaurant- og matfag | 2 |
Stranda vgs. | Vg2 Helsearbeidarfag | 1 |
Sunndal vgs. | Vg2 Tømrar | 0 |
Sunndal vgs. | Vg2 Elenergi og ekom | 5 |
Surnadal vgs. | Vg2 Helsearbeidarfag | 3 |
Tingvoll vgs. | Vg1 Bygg- og anleggsteknikk | 3 |
Tingvoll vgs. | Vg1 Idrettsfag | 6 |
Tingvoll vgs. | Vg2 Tømrar | 3 |
Tingvoll vgs. | Vg2 Treteknikk | 0 |
Tingvoll vgs. | Vg2 Realfag | 0 |
Tingvoll vgs. | Vg2 Språk, samfunn og økonomi | 0 |
Ørsta vgs. | Vg2 treteknikk | 0 |
Etter søknadsfristen 1. mars hadde 3.714 ungdomar søkt om skoleplass på VG1 skoleåret 2023-2024. Det er 161 fleire søkarar enn ved inneverande skoleår. Auken skyldast eit litt større avgangskull enn i fjor, i tillegg kjem flyktningar med ungdomsrett og elevar som gjer omval.
Til saman er det 8.905 primærsøkarar (førsteønske og ungdomsrett) på 434 tilbod på dei vidaregåande skolane i fylket.