8 av 10 innbyggarar i fylket er fornøgde med livet, og talet er likt for alle regionar

No er resultatet frå den store folkehelseundersøkinga i februar klar.

Skriv ut

I februar svarte nærare 25 000 personar over 18 år på spørsmåla om helse, velferd, trivsel og livskvalitet, i den første folkehelseundersøkinga i fylket, i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI).

- Eg ønsker å sende ein takk til alle som tok seg tid til å svare. Det er gledeleg å sjå at det ikkje er store forskjellar mellom regionane når vi ser på kor fornøgd folk er med livet. Eg merkar meg og at færre har problem med å få pengane i hushaldet til å strekke til i Møre og Romsdal, enn i mange andre fylke som har gjennomført tilsvarande undersøkingar. Men vi ser at det er sosiale skilnader i helse, og det er viktig å arbeide for å redusere desse, seier Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal

Rapporten som blir lagt fram den 28. april viser eit første, nokså beskrivande bilete av informasjonen frå undersøkinga. I tillegg vil det bli publisert eigne kommunetabellar.

- No har vi fått viktig informasjon om korleis innbyggarar i ulike aldersgrupper sjølve opplever kvardagen sin. Svara er analysert på tvers av kjønn, alder, utdanning og region, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tru på framtida

Dette er hovudfunna frå rapporten:

  • 82 % seier dei er fornøgde med livet. Gjennomsnittsskåren er 7,3 av 10 og talet er likt i alle tre regionar
  • Framtidsoptimismen er endå høgare, med eit gjennomsnittskår på 7, 8 av 10 på kor fornøgde dei forventar å vere med livet om 5 år

Dei største regionale forskjellane finst på tilgjenge til servicetilbod og fasilitetar. Her kjem Søre Sunnmøre dårlegast ut på rapportert tilgjenge til offentleg transport og Nordre Sunnmøre på gang- og sykkelvegar. Medan det er Nordre Sunnmøre som rapporterer at dei er mest fornøgde med kulturtilbodet.

Koronautslag

Samanlikna med andre fylke, er det færre i Møre og Romsdal som rapporterte at dei er saman med gode vener og deltar i aktivitetar kvar veke. Innbyggarane har også litt lågare skår på blant anna kor fornøgd ein er med livet, om livet er meiningsfylt, positive følelsar og om ein har kjent seg engasjert dei siste sju dagar.

I følge rapporten kan dette vere eit resultat av koronapandemien og ikkje handle om reelle forskjellar mellom Møre og Romsdal og andre fylke.  Møre og Romsdal skil seg ikkje frå dei andre fylka på psykiske plager og einsemd.

Samanlikna med andre fylke, har Møre og Romsdal

  • færre som har problem med å få pengane i hushaldet til å strekke til (17 %  - likt med Rogaland).
  • høg skår på tryggleik i nærmiljøet (liknande skår som Nordland, Troms og Finnmark).
  • færre med episodisk høgt alkoholbruk (13,2 %).

Men vi skårar ein del lågare på tilgjenget til gang- og sykkelvegar, offentleg transport og butikkar, serveringsstader og andre servicetilbod enn i meir tettbygde fylke som Rogaland og Agder. Det er ikkje alle fylke som har gjennomført tilsvarande undersøking.

Blir betre med alderen

Som i andre fylke kjem kvinner betre ut enn menn på nesten alle  som handlar om kosthald, fysisk aktivitet og fedme. Mennene kjem litt betre ut enn kvinnene på dei fleste mål på psykiske plager og helseproblem. Mykje blir betre med stigande alder; både psykiske plager, trivsel i nærmiljøet, kosthald og kor fornøgde folk er med tilbod og fasilitetar.

Undersøkinga hadde ein svarprosent på 45,8. Av dei som svarte var 52,7 prosent kvinner.

I tillegg til rapporten for heile fylket vil det bli publiser kommunetabellar i ein eigen separat rapport som viser lokale resultat.

Snarvegar

Kontakt