5,7 millionar er tildelt kulturfeltet i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen sender no ut svar til dei som søkte om tilskot gjennom fire stimuleringsordningar for kulturfeltet. Totalt er  5,7 mill. kroner fordelt på 80 søkarar.

Skriv ut

Gjennom ordningane deler fylkeskommunen ut midlar til det frivillige kulturlivet, det profesjonelle kulturlivet, kulturarv og reiseliv og til prosjekt innan nyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar.

­Stor breidde i tildelingane

–Kulturfeltet har stor breidde, og her har både musikkorps, kunstlag, fjellklubbar, meieri, forfattarar og ulike førestillingar fått støtte. Oversikta over de forskjellige tildelingane viser god spreiing, både på tiltak og geografi. Det blir spennande å følge med på resultatet, seier kontorsjef Hilde Hernes Hovland.

Sjå oversikt over kven som har fått støtte til dei fire ordningane (pdf)

Skal stimulere til aktivitet og opning av samfunnet

Tilskotsordningane vart vedtatt i kultur-, næring- og folkehelseutvalet 8. juni, og la mellom anna til grunn at stimuleringsordningane skal bidra til kulturell- og kreativ aktivitet inn mot sommaren og hausten for å hjelpe og stimulere til aktivitet i kulturlivet og kulturnæringane. Her er også frivillig aktivitet medrekna.

Ved søknadsfristen 17. juni hadde fylkeskommunen mottatt 170 søknader. –Det var viktig å få midlane ut til kulturfeltet så raskt som mogeleg. Mykje av kulturaktiviteten skjer om sommaren og det viktigaste formålet med ordningane var å stimulere til aktivitet og gjenopning av samfunnet.

Dokumenter

Kontakt