240 tilsette på fem vidaregåande skolar er i streik frå 27. mai

Etter at forhandlingane ikkje førte fram innan fristen, har UNIO tatt ut 240 tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune i streik.  

Skriv ut

Fem vidaregåande skolar er råka av streiken: 

  • Borgund vidaregåande skole - 80 tilsette 
  • Fagerlia vidaregåande skole - 56 tilsette 
  • Ålesund vidaregåande skole – 50 tilsette 
  • Spjelkavik vidaregåande skole – 30 tilsette 
  • Haram vidaregåande skole – 24 tilsette 

Skolane vil sjølv informere elevar og føresette om korleis timeplanane vert påverka under streiken.  

Privatisteksamen vil ikkje bli påverka av streiken.   

Kontakt