Fylkeskommunen ønsker å legge til rette for å utvikle heile verdikjeda til tang og tare (makroalgar), frå dyrking og tørking til bioprosessering av råstoff.
Dyrking av tang og tare er ein ny type havbruk i Europa med store moglegheiter for innovasjon og næringsutvikling. Slik produksjon er ein del av bioøkonomien og kan sjåast i samanheng med det grøne skiftet. Det grøne skiftet handlar om å erstatte ikkje-fornybare energikjelder med fornybare energikjelder og bruk av berekraftig biomasse.
For at taredyrking skal bli ein vesentleg del av det grøne skiftet og bli ein blå åker, må utfordringane til dyrkinga løysast. Ein nøkkel til suksess i Noreg vil vere tilgangen på store areal egna for taredyrking og utvikling av effektive dyrke- og hauste-prosessar parallelt med at det blir utvikla produkt tilpassa fleire marknadar.
Tang og tare kan brukast i mat, men inneheld også mange bioaktive komponentar som kan brukast i medisin og i produksjon av bio-kjemialiar. I dag blir villhausta tare brukt til alginatproduksjon og villhausta tang brukt til gjødsel og fôr. Dyrka tare blir brukt til gourmetmat, i kosmetikk og som fôringrediens. På sikt, viss ein får til ein industriell produksjon, kan ein sjå for seg at restrårstoff kan brukast til bioenergi.
Noreg og kysten utanfor Møre og Romsdal har ein av Europas største bestandar av tang og tare. Bruk av tang og tare har ei lang historie i Noreg, og det har blitt hausta stortare industrielt sidan 1970-talet. I Kristiansund ligg Algea som produserer hovudsakleg komponentar til gjødsel frå villhausta grisetang. Dei siste åra har det blitt etablert fleire små og mellomstore bedrifter som brukar dyrka tang og tare som råstoff. I Møre og Romsdal har det blitt tildelt ni taredyrkings-løyve. Produkta dei lagar går for det meste til nisjeprodukt til direkte menneske-konsum.
Tang og tare veks mykje fortare enn landplantar og treng ikkje gjødslast. Dei tek opp seks gonger meir CO2 enn tilsvarande mengder regnskog. Dyrking av tang og tare har potensial til å lage store mengder biomasse som kan brukast i eit vidt spekter av produkt. Taredyrking er også foreslått som klimatiltak (opptak av CO2) og økosystemteneste (opptak av næringsstoff). Vi meiner at dette er ei framtidig næring som vil bli viktig i det grøne skiftet.
Fylkeskommunen har definert havrommet som eit viktig satsingsområde i våre planar. Aktørane i regionen har lange tradisjonar og høg relevant bioprosess- og petroleumteknologisk kompetanse som kan overførast til nye havnæringar. Ei utvikling til storskala industriell produksjon av tare vil kreve innovative nye løysingar for dyrkingsteknologi med mykje større krav til anlegga og drift. Då særleg at det blir utvikla mekanisert utsetting av kimplantar og hausting som kan brukast i eksponerte farvatn. For å få tilgang til store dyrkingsareal må vi ut i havet, det er også her simuleringane visert størst potensial for vekst. For å få dette til ser vi store synergimoglegheiter med petroleumsindustrien spesielt leverandør,- og subseaindustrien. Det er også stort potensial for synergi med eksisterande akvakulturteknologi som brukast til lakseproduksjon.
I 2015-2016 initierte fylkeskommunen eit utgreiingsprosjekt, Tareal 1, for å beskrive potensialet for storskala dyrking av makroalgar i Møre og Romsdal. Her vart føresetnadene for dyrking i skjerma miljø inne i fjordar og ute i eksponert miljø heilt ut og utover grunnlinja vurdert. Ut frå straumsimuleringar der ein legg inn parametrar som blant anna konsentrasjon av næringssalt, temperatur og saltholdigheit, konkluderte rapporten at dyrkingsvilkåra er best og mest stabile ute i havet. Simuleringane tar ikkje omsyn til bølgepåverknad og andre endra miljøforhold på algane.
Resultatet frå utgreiingsfasen i Tareal 1 blei følgt opp av eit forskingsprosjekt, Tareal 2, starta i 2018, der vi testdyrka sukkertare i eit skjerma miljø inne i Freifjorden, Orstranda, og på ein meir eksponert lokalitet, Klovningen, ved Grip utanfor Kristiansund. Lokaliteten ved Grip er ein ny lokalitet som er gitt fylkeskommunen og arealet var søkt på etter anbefaling frå Tareal II prosjektet. Lokaliteten ved Orstranda har vi kjøpt av Algea med avtale om at dei skal kjøpe den tilbake når Tareal 2 prosjektet er ferdig.
Kimplantane av sukkertare vart sett ut i januar 2020 og dei vaksne algane vart hauste frå juni til august 2020. Både prosessteknikklinja på Fagskolen i Kristiansund og naturbrukslinja på Kristiansund vidaregåenade har blitt involvert i prosjekta.
Parallelt med taredyrkingsprosjektet har vi også medfinansiert eit prosjekt (Akvalab) som utviklingsselskapet Vindel i Kristiansund gjennomførte, med hensikt å lage ein utprøvingsarena for taredyrkingsteknologi på værutsatte lokasjonar. Målet til prosjektet er blant anna å lage ein evalueringsmodell for teknologiutprøving av taredyrkingsanlegg. Prosjektet brukar anlegget på fylkeskommunen sin lokalitet Klovningen ved Grip som modell. Konseptet skal kunne brukast på alle typar taredyrkingsanlegg.
Hausten 2020 fekk vi utarbeid ein rapport for å sjå på grunnlaget for å etablere eit felles mottaksanlegg på Nordmøre. Det er naturleg å knytte eit mottakssenter til fasilitetar vi allereie er med å bygge opp, som miljøet ved Campus Kristiansund og då spesielt Fagskolen med prosesslinje og vidaregåande skule med akvakultur.
Publisert forskingsartikkel basert på taremottak-prosjektet:
"Landing facilities for processing of cultivated seaweed biomass: a Norwegian perspective with strategic considerations for the European seaweed industry" (Møreforsking, 2021)
Fylkestinget vedtok 15.06.2021 å etablere aksjeselskapet Ocean Seaweed Centre AS, med forretningskontor i Kristiansund. Målet er å utvikle industriell dyrking og prosessering av tare. Senteret vil bestå av ein forskingsinfrastruktur med eit anlegg til havs for dyrking av makroalgar, og eit pilotanlegg for mottak og testprosessering av makroalgar. Gjennom senteret skal bedrifter kunne gjennomføre forsøk og teste dyrking og prosessering av makroalgar. Senteret vil ha tett tilknyting til Campus Kristiansund, men også samarbeide med Fagskolen om prosessering av tare på alge-laben.
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.