Folkehelsestatistikk

Med folkehelse meiner vi befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. Kommunane og fylkeskommunen er pålagt å lage ei oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

På denne sida finn du relevant statistikk og publikasjonar knytt opp mot kravet om oversikt.

Møre og Romsdal Idrettskrets, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjennomførte i vinter ei spørjeundersøking blant kommunane i fylket. Undersøkinga er ein del av eit felles arbeid i folkehelseforum, der dei tre organisasjonane er med. Resultatet av undersøkinga er no klart i rapporten «Levekårsundersøkinga for Møre og Romsdal 2021». 14 av 26 kommunar svarte på undersøkinga, blant dei to av byane.

Kommuneundersøkinga om levekåra i Møre og Romsdal viser mellom anna at kommunane prioriterer folkehelsa til barn og unge. Kommunane er klar over at dei bør jobbe meir med bustadsosial planlegging.

Langsiktig og systematisk arbeid

Undersøkinga gir oversikt over utvalde levekårområde i kommunane: Folkehelse og planarbeid, medverknad, bustad og nærområde, helsestasjon og skolehelseteneste, systematisk jobbing for å redusere sosiale skilnader og innsats retta mot frivilligheit og kultur.

Følg denne lenka for å lese rapporten (lenke opnast i ny fane).

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt