Integrering

Kapasitetsstyring av busetting
Fylkeskommunen skal tilrå IMDi kva kommunar som bør oppmodast om å busette flyktningar, samt kor mange kommunane skal busette. Flyktningane skal busettast i område der dei kan kome i arbeid og få tilbod om nødvendig utdanning og kompetanseheving.

Negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting
Fylkeskommunen skal følgje opp det regionale arbeidet.

Kompetanseheving av kommunane i deira kvalifiseringsarbeid
Fylkeskommunen skal innanfor rammene til nasjonal integreringspolitikk, følgje opp kommunane i deira arbeid med kvalifisering av flyktningar, der arbeidet er stadsavhengig, og kjennskap og nærheit til kommunane bidreg til betre oppgåveløysing.

Karriererettleiing
Fylkeskommunen skal gi karriererettleiing til personar som skal inn i introduksjonsprogram.

Frivilligheit og samfunnsdeltaking
Fylkeskommunen skal følgje opp arbeidet med frivilligheit og samfunnsdeltaking på regionalt nivå.

Jobbsjansen del B, mentor- og traineeordningar og etableraropplæring for innvandrarar.
Fylkeskommunen skal organisere ordningane.

Vidaregåande opplæring
Fylkeskommunen skal gi vidaregåande opplæring i samsvar med opplæringslova og integreringslova.

Samarbeid med regionale sektormyndigheiter
Fylkeskommunen skal samarbeide med regionale sektormyndigheiter.

Mange av fylkeskommunen sine andre oppgåver påverkar også flyktningane sin integrering.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt