Forsking, utvikling og innovasjon

Ønsker bedrifta eller kommunen din å sette i gang eit forskings- eller utviklingsprosjekt? 

  • Vi kan rettleie dei som ønsker å komme i gang med forsking, utvikling og innovasjon.
  • Vi tildeler støtte til forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Vi koordinerer strategiarbeidet for forsking, utvikling og innovasjon i Møre og Romsdal

Vi har fleire støtteordningar:

  • Bedrifter eller kommunar kan få rettleiing og søke om økonomisk støtte til forprosjekt gjennom Mobiliseringsprosjektet (MobPro). Forprosjektet skal sørge mobilisering i bruk forskingsbasert innovasjon, og er retta mot verksemder som i liten grad har brukt forsking tidlegare. Søkar må ta kontakt med kompetansemeklarane før søking. 
  • Bedrifter, offentlege verksemder og forskingsmiljø kan også søke midlar til litt større forskingsprosjekt i form av kvalifiseringsprosjekt, hovedprosjekt eller KSP-prosjekt.
  • Alle søknader om støtte til prosjekt skjer gjennom Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal (RFF), utlysingar

Kompetansemeklarar kan hjelpe med å utforme eit FoU-prosjekt og koble inn relevant forskningsmiljø og verkemiddel. Dei som søker om økonomisk støtte gjennom MobPro, må kontakte kompetansemeglarane.

NamnInstitusjonTelefon
Øyvind HerseMøre og Romsdal fylkeskommune913 64 886
Katrine Hattrem HastVindel AS - Kristiansund483 61 042
Håkon Fredriksen Innveno AS - Surnadal 412 10 953
Iren SæterbøInnveno AS - Surnadal413 20 361
Arne Mehl ÅKP- Ålesund Kunnskapspark AS 952 50 120
Jan Børre RydningenÅKP - Ålesund Kunnskapspark AS901 36 995
Martin FolldalSunnmøre Kulturnæringshage AS922 24 165
Erlend KrumsvikSunnmøre Kulturnæringshage AS410 40 838
Bjørn TafjordHøgskolen i Volda993 64 801
Lidun HareideMøreforsking (Mørforsking)917 87 048
Birnir EgillsonProtomore Molde904 14 134
Ragna Brenne BjerkesetProtomore Molde952 52 352
Geir SvenningHøgskolen i Molde955 59 443
Solveig Brøste SlettaNordveggen AS, Rauma988 83 816
Lisa Kolden MidtbøMøreforsking (marin)976 20 732
Wenche E. LarsenMøreforsking (marin)917 80 817
   
  

 

   

 

Ordninga Forskar til låns" skal bidra til å auke samarbeidet mellom bedrifter/kommunar og FoU-organisasjonar. I eit «Forskar til låns» prosjekt skal ein forskar for ein avgrensa tidsperiode jobbe saman med tilsette i bedrifta/kommuna med ein konkret FoU-utfordring. Prosjektet må vere slik innretta at både forskaren og verksemda har fagleg nytte av samarbeidet. Ordninga kan ikkje brukast i pågåande prosjekt som har fått støtte. Dekker 70% av personalkostnadane inntil 200 000 kroner.

Les meir om ordninga Forskar til låns på nettsidene til regionalt forskingsfond

Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer seks stipendiatstillingar fordelt mellom Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde, NTNU i Ålesund, Møreforsking og Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK). Stillingane har eit felles overordna tema: «Sirkulære system for eit berekraftig Møre og Romsdal."

Formålet er å bygge ny kunnskap i regionen for å styrke verdiskaping og næringsutvikling i regionen. Arbeidet skal gi ny kunnskap og innovasjon som fremmar berekraftige, grøne løysingar og sirkulære system i næringslivet. 

Stillingane blir lyst ut på nettsidene til dei ulike institusjonane. 

Nettverk

For å sikre relevans i arbeidet og kunnskapsoverføring mellom involverte aktørar, blir det etablert eit nettverk for stipendiatane og rettleiar/fagressursar. Det vil også bli felles arrangement initiert av næringsklyngene, FoU-institusjonane og fylkeskommunen. Nettverket skal vere eit forum for kontakt og faglege diskusjonar om tema stipendiaten sjølv saman med sine vegleiar ønsker å fokusere på i gjennomføring av PhD-arbeidet. 

Bakgrunn og forankring

Møre og Romsdal har stadig behov for ny kunnskap som bygger opp under behova i nærings- og arbeidslivet. Utdanning og forsking må derfor skje i samarbeid med praksisfeltet for å vere relevant. Globale endringar som påverkar kunnskapsutviklinga og omstillingsevna skjer i stadig raskare tempo og med store konsekvensar for omstillingsevna.

Forskings- og innovasjonsstrategien for 2021-2024 i Møre og Romsdal og den tilhøyrande programsatsinga Skaparkraft er førande for arbeidet.

Kva er sirkulær økonomi?

Les om sirkulær økonomi på KS sine nettsider
Les #SINTEFblogg om sirkulær økonomi

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt