Bypakkar

Ein bypakke består av fleire samferdsels- og bymiljøtiltak i og rundt byane.

Målet med bypakkane er at at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at talet på bilreiser skal ned. Samtidig skal dei ta i vare framkomsten for næringstransport.

Bypakkane vert  finansiert av eit spleiselag mellom stat, kommunar, fylkeskommune og brukarar.

Med bypakkar får vi moglegheit til å:

  • legge til rette for god framkomst for mjuke trafikantar, kollektivtransport og næringstransport
  • modernisere og tilpasse kollektivtilbodet
  • auke trafikktrygging og betre trafikkavviklinga
  • betre miljøet og redusere utslepp

Det er viktig å sjå desse tiltaka i samanheng, derfor er bypakkar eit eigna verkemiddel.

Bypakke Ålesund blei vedtatt i Fylkestinget og i bystyret i Ålesund i juni 2019. Bypakka vart vedtatt i Stortinget juni 2021. Venta oppstart er i 2022.

Det blir jobba med planlegging av bypakke i Kristiansund. 

Kontaktperson bypakke Ålesund: Torbjørn Vatnehol

Kontaktperson bypakke Kristiansund: Hilde J. Svendsen

 

Snarvegar

Kontakt