UNG kunst og kultur

I satsinga UNG kunst og kultur, vil fylkeskommunen bidra til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod til barn og unge. Det skaper gode og meir likeverdige oppvekstvilkår.

Fylkeskommunen vil støtte opp om tiltak som bidreg til å gi ungdom rom til, arena for og møtestader til å lære, erfare, uttrykke seg og utvikle seg gjennom kunst og kultur. I tillegg vil fylkeskommunen stimulere til forsking på kva verdi kunst og kultur har for barn og unge.

Målet er at alle barn og unge i Møre og Romsdal skal ha tilgang til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod med høg kvalitet, aktualitet og relevans der dei kan medverke, skape, lære og meistre.

Fylkeskommunen vil bidra til å lage fleire møteplassar for unge.  

I samarbeid med Kristiansund kommune og The Convention er vi i gong med å lage ein møteplass for datakultur. Her kan ungdommar møtast på fritida for å utvikle sine digitale ferdigheiter, drive med animasjon, spele dataspel med meir. 

Fylkeskommunen jobbar med ein interaktiv produksjon saman med Atlanten ungdomsskole i Kristiansund. Tema er mellomalder på Mørekysten og kunstnar Sverre Mollan skal lage ein interaktiv film. Prosjektet skal utvikle nye samarbeidsformer mellom skole, kunstnar og DKS. Kulturtanken er òg ein viktig samarbeidspartar.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt