Ung kultur møtes (UKM)

Ung kultur møtes (UKM) er fylket sitt største kulturarrangement for barn og unge, og ein viktig arena både lokalt og regionalt. I UKM kan ungdom delta med alle slags kulturuttrykk.

Kva er UKM?

UKM (Ung Kultur Møtes) har som mål å fremme og utvikle ung kultur over heile landet, og gjere den meir synleg i lokalsamfunnet.

Aktivitet skjer ved arrangement, utstillingar, mønstringar, festivalar og verkstader (workshops). UKM har offentleg finansiering og eksisterer både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Meir informasjon og påmelding

Meir informasjon om kva UKM er, påmelding og når dei ulike lokalarrangement blir arrangert, finn du på nettsida til UKM.

Snarvegar

Kontakt