Film og media

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å bidra til utvikling og produksjon av dei ulike sjangrane innanfor film og audiovisuelle uttrykk. Dette gjer vi mellom anna gjennom driftstilskot til Vestnorsk filmsenter og Mediefondet Zefyr.

Vestnorsk filmsenter (lenke opnast i ny fane) satsar på filmskaparar og jobbar for at filmar frå Vestlandet skal komme seg ut i verda. Dei er ein viktig bidragsytar til utviklinga av filmbransjen i vår region. Kjerneverksemda i selskapet er å forvalte tilskot og bidra til utvikling av kortfilm, dokumentarfilm og manus til spelefilmar og tv-seriar. Dei arrangerer også kompetansehevande tiltak for bransjen og bidrar i tillegg til talentutvikling. Western Norway Film Commission og Filmveksthuset BAKOM er også ein del av Vestnorsk filmsenter.

Mediefondet Zefyr (lenke opnast i ny fane) er eit regionalt fond for audiovisuell produksjon på Sør- og Vestlandet. Dei forvaltar statleg støtte og investerer privat kapital i spelefilm, dokumentarar, TV-seriar, dataspel og VR produksjonar. Selskapet er eigd av Bergen kommune og Rogaland fylkeskommune og har samarbeidsavtalar med fleire fylker og kommunar, mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune.

Snarvegar

Kontakt