Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning der kommunane kan søke om tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre. Spaserstokken skal legge til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren. Det skal skje på arenaar der dei eldre er i dagleglivet.

Det er kommunane som kan søke på midlane i den kulturelle spaserstokken.

Tilskotet kan ikkje gå til bevertning, investeringar, utstyr, administrasjonstiltak, planleggingstiltak eller kompetanseutvikling.

Den kulturelle spaserstokken skal

  • sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
  • legge til rette for samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren
  • medverke til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei held til i dagleglivet

Kriterium for tildeling

  • Fordelinga mellom kommunane skjer etter tal på eldre over 70 år i kommunen.
  • Om ikkje alle kommunar har søkt blir resterande midlar fordelt på søknadar som har eit godt innhald på tiltak/program, nyskaping, samarbeid og tilbod til mange.

Kontakt