Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som gir alle barn og unge profesjonelle kunstmøter og kulturopplevingar som ein del av skolekvardagen. Gjennom ordninga skal elevane få moglegheit til å gjere seg kjent med og utvikle ei forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag.

Kulturtilboda skal vere av høg kvalitet og vise heile bredda av kulturuttrykk. Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representert i Den kulturelle skolesekken. Kunstmøta kan knytast til både overordna del i læreplanverket og læreplanar i fag og ulike læringsaktivitetar og tema i og på tvers av fag, som for eksempel tverrfaglege tema.

Mål for ordninga

Det er lagt fram nye nasjonale mål for Den kulturelle skolesekken i Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

  • Vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskolen og vidaregåande skole og tilbydast jamleg
  • Sikre at barn og unge får eit likeverdig kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur. Da kan dei gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk
  • Bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del- og læreplanar i fag
  • Formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar
  • Vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå for å sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
  • Bidra til å styrke norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggande kulturberarar
  • Bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn

Ved å følge denne lenka finn (lenke opnast i ny fane) du ei oversikt over oss som jobbar med Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal og kva vi jobbar med.

Alle utøvarar kan foreslå forslag til programmet i Den kulturelle skolesekken. Det er fagansvarlege innan kvart uttrykk som behandlar forslaga og DKS-administrasjonen fastset DKS-programmet utifrå dette.

  • Alle dei fagansvarlege vurderer innkomne forslag. Dei fagansvarlege samarbeider med andre fylker og fagpersonar i vurderingar. På bakgrunn av dette tilrår dei produksjonar som kan inngå i programmet.
  • Modell for medverknad frå unge og kommunar er under utvikling som ein del av programarbeidet.

Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan ulike kunst- og kulturuttrykk kan sende inn forslag til programmet. Fristen er 1. oktober.

Send inn forslag ved å følge denne lenka (lenke opnast i ny fane).

Snarvegar

Kontakt