Søk om tilskot

Følg denne lenka for å sjå ei oversikt over alle tilskotsordningar på kulturarvfeltet du kan søke på hos Møre og Romsdal fylkeskommune.

Andre tilskotsordningar

Tilskotsordningane er eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig eit kulturminne sjølv eller forvaltar eit på vegne av andre, kan søke. Kulturminnefondet behandlar søknader løypande. Det betyr at du når som helst kan sende inn din søknad om støtte til tiltak på ditt kulturminne. Påbegynte og sluttførte prosjekt støttes normalt ikkje av Kulturminnefondet.

Les meir om ordningane på nettsidene til Kulturminnefondet (lenke opnast i ny fane).

Nordenfjelske Bykreditts Stiftelse gir økonomisk støtte til allmennyttige formål på bakgrunn av mottatte søknader. Foreiningar og lag kan søke stiftelsen om støtte. Styret i stiftelsen fattar vedtak om støtte fire gonger i året.

For perioden 2021–2023 vil stiftelsen gi støtte til tiltak som bidrar til tilhøyrsle gjennom deltaking i friluftsliv, idrett og kultur. Gode møteplassar i lokalmiljøet er arenaer for frivilligheit og engasjement, og viktig for livskvalitet og inkludering. Støtta konsentrerast til arenaer for tilhøyrsle innan friluftsliv, fysisk aktivitet og kultur.

Les meir om ordninga på nettsidene til Nordenfjelske Bykreditts Stiftelse (lenke opnast i ny fane).

Naust og sjøhus er ein type kulturminne som forsvinn i raskt tempo. Det blir slått fast i ein ny rapport Norsk Institutt for Kulturminneforskning har gjort for Riksantikvaren.

Saman med Sparebankstiftelsen DNB vil Forbundet KYSTEN sette i stand naust og sjøhus i heile landet. Bygningane skal fyllast med nytt liv, og gi barn og unge opplevingar med kystkultur og friluftsliv.

Les meir om ordninga på nettsidene til Forbundet KYSTEN (lenke opnast i ny fane).

Eit tilskot til tiltak som fremmer natur- og kulturverdiane i jordbrukets kulturlandskap og reduserer forureininga frå jordbruket.
Eig eller leiger du ein landbrukseigedom kor du driv jordbruksproduksjon som kvalifiserer til tilskot, kan du søke.

Les meir om ordninga på nettsidene til Landbruksdirektoratet (lenke opnast i ny fane).

«Ta et tak» er ein aksjon som retter seg mot våningshus og driftsbygningar. Dette kan vere verneverdig busetnad i byer og tettstader eller bustadhus i tilknyting til landbruk, fiske, reindrift eller jakt.

Ordninga har årleg søknadsfrist og i 2020 vart det fordelt 10,4 millioner til 308 forskjellige prosjekt.

Les meir om ordninga på nettsidene til Norsk kulturarv (lenke opnast i ny fane).

Snarvegar