Bygningar og anlegg

Ønsker du å ta vare på eit verneverdig byggverk, anlegg eller andre kulturminne?

Vi jobbar for at eigarar og kommunar skal sjå verdien av kulturarven og finne gode løysingar for å ta vare på den.

Det gjer vi gjennom:

  • uttale i plansaker til kommunane
  • råd og rettleiing i konkrete verneprosjekt
  • tildeling av tilskot frå fleire tilskotsordningar
  • prosjekt som vi tar initiativ til, koordinerer eller deltar i
  • rolla som mellomledd mellom kommunar og Riksantikvaren

Bygningar og ståande byggverk frå før 1650, og samiske bygningar som er eldre enn 1917, er automatisk freda.

I tillegg er det ei rekke bygningar og kulturminne som er freda gjennom enkeltvedtak. Freding er det sterkaste verkemiddelet vi har for vern av bygningar. Det er Riksantikvaren som fattar vedtak om freding.

Nærare 5700 bygningar i Norge er freda. Rundt 3400 er i privat eie. Mange av disse bygningane representerer en tidsepoke, viktig kulturhistorie og samfunnsutvikling, eller har høy arkitektonisk verdi på nasjonalt nivå.

Endringar og restaurering av freda bygningar ut over ordinært vedlikehald krev dispensasjon frå kulturminnelova. Arbeid må utførast etter antikvariske prinsipp.

Ifølge Riksantikvaren (lenke opnast i ny fane) kan eit verna kulturminne eller kulturmiljø vere verna med heimel i lov eller gjennom andre verkemidlar.

I tillegg til kulturminne og kulturmiljø som er freda etter kulturminnelova eller svalbardmiljølova, omfattar dette kulturminne og kulturmiljø som er vernet etter plan- og bygningslova, kirkeloven eller naturmangfoldloven.
Andre verkemidlar for vern er for eksempel statlege verneplanar, listeføring og tilskotsordningar.

Verneverdige hus er bygningar som er verna gjennom plan- og bygningsloven eller etter avtale med eigar.

Kriterium for verneverdi

Det finnes ei rekke kriterium for å vurdere verneverdien til eit hus, og mange hus blir vurdert som verneverdige ut frå kriterium som høg alder, autentisitet, kunnskapsverdi og opplevingsverdi. Verneverdi kan også vurderast etter kor sjeldan eller representativt eit kulturminne er.

Bygningar og andre kulturminne med ei tydingsfull kulturhistorie kan òg vurderast som verneverdige. Vi vurderer i tillegg kulturminna sin miljøverdi, og kva betydning dei har i ei større heilheit og som ein del av sine omgjevnader.

Lokal, regional eller nasjonal verdi

Verneverdien kan være lokal, regional eller nasjonal. Eit kulturminne som ikkje vurderast til å ha verneverdi i nasjonal eller regional samanheng, kan likevel være eit viktig kulturminne lokalt.

Kva som er lokalt viktige kulturminne vurderast i kvar enkelt kommune. Ofte er arbeid med kulturminneplan viktig for å identifisere, sette fokus på og prioritere viktige lokale kulturminne.

Kommunens og fylkeskommunens rolle

Det er kommunen som fattar vedtak i bygge- og rivesaker i tilknyting til verneverdige hus. Fylkeskommunen har ansvar for å gi råd og rettleiing til kommunanes forvalting av verneverdige hus. Ved søknad om riving eller vesentleg endring av bygningar som er eldre enn 1850 skal kommunen gi fylkeskommunen moglegheit til å uttale seg om saken.

Nokon råd

Dersom du skal restaurere eller utføre arbeid på eit verneverdig hus, skal du undersøke om kommunen har vedtatt retningsliner for korleis verneverdig busetnad og kulturminne skal takast i vare, og kor store inngrep som er tillate.

Fleire bymiljø er av Riksantikvaren definert som «NB!-områder». Dette er bymiljø med nasjonal verneinteresse. Bygningar kan også være regulert til bevaring fordi dei har lokal eller regional verneverdi.

Som eigar av verneverdig hus bør du sette deg inn i grunntanken bak antikvarisk restaurering av bygningar: bevar det originale, skift minst mogleg. Det finst fleire tilskotsordningar for eigarar av verneverdige bygningar.

Vil du lese meir?

Les kva Riksantikvaren og Bygg og Bevar legg i omgrepa freda, verna og verneverdig (lenker opnast i nye faner).

Snarvegar