Frivilligheita sitt år 2022

Opninga av Frivilligheita sitt år i Møre og Romsdal

Femte desember 2021, på FN sin internasjonale dag for frivilligheit markerte vi starten på Frivilligheita sitt år i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen hadde invitert til lysmarkeringar for å setje frivilligheita i fokus i heile fylket og det var god oppslutning. Mellom anna var det markeringar på Sunnmøre Museum, i Moldemark i regi av Moldemarkas venner og på Averøy i regi av frivilligsentralen. Nokre nemnde at dette hadde vore så vellukka at dette ville dei gjere igjen neste år også.

Sjå oversikt over arrangementa som vart meldt inn her (lenke blir opna i ny fane)

«Vår veke» i veke 23

Det blei gjennomført «Vår veke» i Møre og Romsdal i veke 23, 6.-12.juni. Denne veka inviterte vi kommunar og organisasjonar til å vere med å løfte frivilligheit i fylket vårt i alle kommunar. Fylkeskommunen lyste ut ei ordning på 500 000 kroner til regionale organisasjonar, for å gjennomføre markeringar i fylket. Det vart gjennomført ei rekke arrangement. Mellom anna tildelte fylkeskommunen midlar til Mental Helse Møre og Romsdal, Pensjonistforbundet Møre og Romsdal, Møre og Romsdal idrettskrets, Norges Jeger og fiskeforbund, Norges musikkorps forbund Nordvest, DNT Romsdal, DNT Sunnmøre, Sunnmøre Historielag med fleire, som alle hadde arrangement rundt i fylket denne veka.  

Sjå oversikt over arrangementa som er meldt inn her (lenke blir opna i ny fane)

Fylkeskulturkonferansen -  «Den store frivilligfesten» 4-5 desember 

Set av datoane allereie no! Fjerde og femte desember vil det verte ei avslutning av Frivilligheita sitt år med fylkeskulturkonferanse med tema frivilligheit. Fjerde desember er for spesielt inviterte frå kommunar og organisasjonar i fylket. Femte desember er open for alle, og dei som vil kan melde seg på. Detaljert program vil snart verte publisert på fylkeskommunen si heimeside. 

Les meir om konferansen her (lenke blir opna i ny fane) 

Frivilligprisen 2022

Frivilligpris 2022 for Møre og Romsdal skal heidre stor frivillig innsats. Den skal gå til ein person som har gjort ein stor innsats for frivilligheita i sitt lokalsamfunn over lengre tid. Eit mål er å skape interesse, engasjement, auke statusen og fremme dei frivillige. Prisen skal vere til inspirasjon for frivilligarbeidet i fylket. Gjennom å løfte fram gode eksempel av frivillige vil ein synleggjere frivilligheita sin verdi for menneske og samfunn. Prisen er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulere til mangfald, inkludering og ein nyskapande frivillig sektor. NB: Det er berre kommunar som har anledning til å nominere til denne prisen!  

Les meir om frivilligprisen her (lenke blir opna i ny fane)

Nasjonale arrangement i Møre og Romsdal

«Vår dag» - mange organisasjonar i Møre og Romsdal skal vere med på markeringane på «Vår dag». 

«Sykkelturen» - sykkelturen i regi av Norske Frivilligsentralar sykla gjennom Møre og Romsdal i veke 24, 14.-20 juni. Kommunane som fekk besøk av sykkelturen var Averøy, Molde, Fjord, Ålesund, Herøy og Ørsta.

Ein kan sjå bilete og informasjon frå turen her (lenke blir opna i ny fane)

Snarvegar

Kontakt