Friluftsliv

Arbeider du med friluftsliv? Hos oss kan du få

  • rettleiing og råd
  • tilskot til friluftstiltak
  • innspel til kommunale planar om friluftsliv

Etter forvaltningsreforma i 2010 har fylkeskommunen ei oppgåve som talsmann og vaktmann for allemannsretten. Dette gjer vi mellom anna ved å informere om og ivareta allmenta sine interesser gjennom handsaming av saker etter plan- og bygningslova.

Les meir om allemannsretten (lenke opnast i ny fane).

Vi ønskjer å stimulere til at kommunar og frivillige organisasjonar legg til rette for meir fysisk aktivitet gjennom friluftsliv. Som eit ledd i dette prioriterer vi friluftslivsanlegg høgt i behandlinga av spelemidlar.

Helseløyper er friluftslivsanlegg som legg til rette for at folk flest kan drive med fysisk aktivitet og friluftsliv. Dette er turløyper i grøntareal som ligg i nærleiken av bustadområde. Hovudtraséen skal ha eit fast og jamt underlag der stigningane ikkje er brattare en 1:12 (helst 1:20). Lys og ledeliner samt god skilting vil gjere at brukarane vil føle seg trygge. Erfaring viser at god tilrettelegging for flest mogleg, gir auka bruk både for funksjonsfriske og folk med funksjonsnedsettingar.

I tillegg til at friluftslivsanlegg og spesielt helseløyper vert prioritert i sjølve fordelinga, legg også føresegnene til rette for at 50 % av kostnadane med slike anlegg kan finansierast av spelemidlar. Dugnad, kommunale midlar, gåver frå næringslivet og liknande kan brukast for å fullfinansiere prosjektet.

Du finn krava til kva som må og bør vere med i ei helseløype lista opp under. Ein må ikkje fylle alle krava til ei helseløype første gong ein søker midlar til eit slikt anlegg. Men om ein viser til ein plan og ei retning for korleis ein har tenkt å utvikle anlegget i tråd med krava, vil det vere ei styrke for søknaden.

Ei helseløype :

  • ha gode høve for parkering og minimum ein HC-plass
  • skilting i tråd med nasjonal mal
  • minimumsbreidde på 150 m med godt underlag for barnevogn/rullestol
  • liten stigningsgrad maks 1:12
  • nummererte benkar (bør ikkje vere meir enn 100 m mellom kvar benk)
  • vere i estetisk gode omgivnader
  • ledeliner i form av kontrast mellom veg og omgjevnader
  • tilgjengeleg toalett (HC)
  • vere registrert på morotur.no
  • ha lys
  • vere brøyta og strødd om vinteren

Ei helseløype bør:

  • vere rundløype (0,5–2 km)
  • ha kollektivsamband
  • vere i nærleiken av bustadområde
  • stigning mindre enn 1:20
  • ha fleire turalternativ på ulike nivå
  • ha element som gjer turopplevingane rikare

Sjå dokument nedst på sida for rettleiing om korleis du kan utvikle ei helseløype.

Vi samarbeider med kommunane om å utvikle friluftslivet i fylket. For at flest mogleg skal ha glede og nytte av friluftslivet, treng vi ulike typar friluftslivsareal, som er tilrettelagt i ulik grad. Då er det viktig med god arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

For å avklare kva for areal som skal inkluderast i kommunen si arealplan, må kommunane kartlegge og verdsette friluftslivsområde og utarbeide ulike temaplanar.

Vidare er det eit nasjonalt mål i friluftslivspolitikken at kommunane skal utarbeide planar for friluftslivets ferdselsårar. Slik kan arbeidet med tilrettelegging for auka friluftslivsaktivitet gjerast målretta og systematisk.

I samarbeid med Miljødirektoratet, kommunar og friluftsråda jobbar vi med å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstiar i kommunane. Dette gjer vi med å legge til rette for erfaringsdeling, kompetansenettverk og stimuleringsmidlar.

I samarbeid med kommunane og frivillige turentusiastar har vi etablert nettsida morotur.no (lenke opnast i ny fane). Nettsida presenterer eit variert utval av ski, sykkel-, padle- og fotturar. Besøk nettsida for å få tips om fine turar i heile fylket vårt.

Morotur leverer også turskildringar til turkassetrimmen StikkUT! (lenke opnast i ny fane).

Skjergardstenesta skal legge til rette for friluftsliv ved sjøen gjennom drift, skjøtsel og forvaltning av offentleg eigde friluftslivsområde i og ved sjø. Marin forsøpling, haldningsskapande arbeid, og mobilisering av og hjelp til frivillige, er også ein del av arbeidsoppgåvene.

Skjergardstenesta gjeld i medlemskommunane til dei to friluftsråda i fylket.

Den blir finansiert av Miljødirektoratet, Sunnmøre Friluftsråd, Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søke Miljødirektoratet om økonomisk støtte til å sikre seg råderett over friluftslivsområde eller ferdselsårer gjennom kjøp eller bruksavtale. På denne måten kan prioriterte friluftsområde få eit særleg og langsiktig vern og samtidig få tilgang på tilskotsmidlar til opparbeiding av området.

Send søknaden til fylkeskommunen gjennom elektronisk søknadssenter. Møre og Romsdal fylkeskommune vidaresendar ei anbefaling til Miljødirektoratet om kven som bør få økonomisk støtte.

Miljødirektoratet prioriterer støtte til desse friluftsområda:

  • Område som kjem store folkegrupper til gode, nærområde og turvegar/stiar i byar og tettstader har høgast prioritet
  • Landfaste område ved sjøen
  • Område som vil bli intensivt brukt og som treng tilrettelegging for å kunne brukast til friluftslivsformål
  • Område som er behandla og prioriterte i kommunal planprosess etter plan- og bygningslova (t.d. kommuneplan, kommunedelplan for fysisk aktivitet eller reguleringsplan)

Nærare rettleiing om ordninga finn du på Miljødirektoratet sine nettsider (lenke opnast i ny fane).

Sjå kart i Miljødirektoratet sin Naturbase (lenke opnast i ny fane).

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt