Folkehelseundersøkinga 2021

9 av 10 Møre og Romsdalingar har god framtidsoptimisme

Ei kvinne, ein mann og to barn ser ut mot fjella frå brua ved politistasjonen i Molde

Folk i Møre og Romsdal er stort sett godt fornøgde med livet her og no, men folk forventar å vere endå meir fornøgde om fem år. No er resultata frå folkehelseundersøkinga klare.

– Eg ønsker å sende ein takk til alle som tok seg tid til å svare. Det er gledeleg å sjå at det ikkje er store forskjellar mellom regionane når vi ser på kor fornøgd folk er med livet. Eg merkar meg og at færre har problem med å få pengane i hushaldet til å strekke til i Møre og Romsdal, enn i mange andre fylke som har gjennomført tilsvarande undersøkingar. Men vi ser at det er sosiale skilnader i helse, og det er viktig å arbeide for å redusere desse.

Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal

Folkehelseundersøkinga blei gjennomført i februar 2021, og omlag 25 000 innbyggarar svarte på undersøkinga. Deltakarane blei mellom anna spurt om tilgjenge til tenester, fysisk og psykisk helse, helserelatert åtferd, sosialt miljø og livskvalitet.

– Berekraftig utvikling er eit overordna mål for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. For å realisere dette målet er ei befolkning med god helse og livskvalitet ein viktig føresetnad. Både fylkeskommunen og kommunane vil kunne ha stor nytte av resultata frå folkehelseundersøkinga. Informasjonen vi har samla inn i undersøkinga gir oss betre moglegheiter til ein målretta bruk av verkemidlane me har.

Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune

 

Nokre hovudfunn frå rapporten

  • 72 prosent opplever si eiga helse som god eller svært god 
  • 74 prosent trivast i stor grad i nærmiljøet
  • 82 prosent av dei som svarte på undersøkinga er fornøgd med livet 
  • 87 prosent opplever å ha middels eller høg sosial støtte

I underkant av tre fjerdedelar opplever si eiga helse som god eller svært god, og enda fleire trivs godt eller svært godt i nærmiljøet. Det er tydeleg at dei fleste er fornøgde og har det bra, men det er tydelege skiljeliner knytt til alder og utdanning.
Dei eldre har ein tendens til å være meir fornøgd enn dei yngre, og det same gjeld for dei med lang utdanning i høve til dei med kort utdanning. Særleg kvinner i den yngste aldersgruppa skårar høgt på psykiske plager. Einsemda går ned med alderen, men flatar ut frå 60-års alderen.

Kvinner kjem betre ut enn menn når det gjeld kosthald, fysisk aktivitet og fedme. Det er også ein høgare prosentdel blant kvinner som rapporterte at dei har godt tilgjenge til kulturtilbod.

Dei største forskjellane over regionane er å finne på tilgjenge til servicetilbod og fasilitetar. Søre Sunnmøre kjem dårlegast ut på opplevd tilgjenge til offentleg transport og Nordre Sunnmøre på opplevd tilgjenge gang- og sykkelvegar.

Svara er analysert på tvers av kjønn, alder, utdanning og region og gir eit første og nokså beskrivande bilde av det som ligg av informasjon i dette datamaterialet. Det er også eit mål å stimulere til vidare bruk av data i regionale forskingsmiljø.

Les meir på Folkehelseinstituttet si nettside om undersøkinga i Møre og Romsdal (lenke opnast i ny fane).

 

Vil du lese meir?

Følg denne lenka for å laste ned rapport om framgangsmåte og utvalde resultat frå folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal i 2021.

Følg denne lenka for å laste ned kommunetabellar frå FHI frå folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal i 2021.

 

Opptak av webinar 28. april 2021 om resultata frå folkehelseundersøkinga

Velkommen

Fylkesordførar Tove-Lise Torve

08:48

Folkehelseundersøkinga i Møre om Romsdal

- Ei viktig strategisk satsing og eit nyttig reiskap

Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet

19:20

Resultat frå folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal

Marit Knapstad, direktør i Folkehelseinstituttet

01:10:50

Om tilleggsspørsmål frå Møre og Romsdal og oppfølging av resultata

Ingunn Bekken Sjåholm, fylkesplansjef, Møre og Romsdal fylkeskommune

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt