Folkehelse

Møre og Romsdal fylkeskommune legg FN sine berekraftsmål som premiss for utviklinga i fylket. Berekraftig utvikling er eit overordna mål for samfunnsutviklinga både lokalt, nasjonalt og globalt. Å jobbe for meir rettferdige og inkluderande samfunn er avgjerande for å nå berekraftsmåla. Ei befolkning med god helse og livskvalitet er samfunnet sin viktigaste kapital.

Følg denne lenka og sjå ei oversikt over kurs, konferansar og arrangement relevant for folkehelseområdet.

Saman om sunne, trygge og levande lokalsamfunn.

Folkehelsearbeid handlar om å skape gode miljø som fremmar innbyggjaranes helse, trivsel og livskvalitet. Det handlar om å ha ein heim du trivest i, moglegheita til å få ei utdanning, ha ein jobb å gå til. Det handlar om å føle at du høyrer til, har eit sosialt nettverk og at du meistrar livets opp- og nedturar. Oppvekstvilkår, utdanning, inntekt, bustad, arbeid, arbeidsmiljø og sosial støtte har derfor betydning for innbyggjaranes helse generelt og for ulikskap i helse.

Folkehelsearbeid er ei lovpålagt oppgåve for fylkeskommunane etter folkehelselova. Det betyr at fylkeskommunen skal fremme folkehelse innan dei oppgåver og med dei verkemidlar som fylkeskommunen er tillagt. Dette skal skje gjennom regional utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting og tiltak som kan møte folkehelseutfordringane i fylket.

I høve kommunar og samarbeidspartnarar er våre oppgåver mellom anna:

  • Være pådrivar for, og samordne, folkehelsearbeidet i fylket
  • Presentere oversikt og analyse av helsesituasjonen og påverkingsfaktorar
  • Formidle og stimulere til kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
  • Rettleie kommunar og andre samarbeidsaktørar i folkehelsearbeidet

Relevante lenker

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit strategisk samarbeid med kommunane om å utvikle folkehelsearbeidet i fylket. Avtalen er forankra politisk og byggjer på God Helse-partnarskapet frå 2004 til 2019.

Formålet med avtalen er å sikre ei god samordning av folkehelsearbeidet i fylket og følge opp måla i den nasjonale, regionale og lokale folkehelsepolitikken. Avtalen skal medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar.

Fylkeskommunen tildeler eit årleg tilskot på bakgrunn av politiske prioriteringar, og kommunane bidreg meg tilsvarande midlar for å følge opp eigne prioriterte arbeidsområde for å møte folkehelseutfordringane.

Les årsrapporten for samarbeidet om God Helse for 2020 ved å følge denne lenka.

Med folkehelse meiner vi befolkninga sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. Kommunane og fylkeskommunen er pålagt å lage ei oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Sjå meir statistikk om folkehelse (lenke opnast i ny fane).

Ei satsing for å fremme barn og unge si psykiske helse og livskvalitet.

Folkehelseprogrammet er ei tiårig satsing for utvikle kommunane sitt arbeid med å fremme befolkninga si helse og livskvalitet. Satsinga skal bidra til å styrke kommunane sitt langsiktige og systematiske folkehelsearbeid.

Barn og unge, psykisk helse og rusførebygging er sentrale tema. Det skal leggast vekt på kunnskapsbasert utvikling og spreiing av tiltak mellom anna for å styrke barn og unge sin tryggleik, meistring og bruk av eigne ressursar. Satsinga skal søke å hindre utanforskap ved å fremme tilhøyrsle, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet.

nettsidene til Helsedirektoratet finn du meir informasjon om folkehelseprogrammet (lenke opnast i ny fane).

Møre og Romsdal er programfylke med satsinga «Frå utanforskap til innanforskap med program for folkehelsearbeid i Møre og Romsdal 2019-2024». Hovudmåla for satsinga i Møre og Romsdal er:

  • Barn og unge i Møre og Romsdal skal oppleve innanforskap gjennom å vere del av eit fellesskap, ha positive relasjonar til vaksne, jamgamle og yngre. Gjennom dette vert risikoen for rusproblematikk redusert og ein fremmer god psykisk helse for barn og unge
  • Barn og unge skal ha høve til medverknad i sin kvardag og på dei arenaer dei deltek
  • Programmet skal medverke til å utvikle kunnskapsbaserte tiltak, arbeidsmetodar og verktøy for å fremme innanforskap. Dette gjer at kommunane i Møre og Romsdal aukar sin kapasitet og kompetanse til å drive eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid kring temaet

Lenker til kommunane

Alle lenker opnast i ny fane.

Kontaktperson

Marita Helene Halvari
Rådgivar
71 28 04 21 / 936 62 666
Send e-post

Frisklivsentralen skal gjennom samhandling med andre aktørar sørge for førebyggjande tenester av god kvalitet og vere ein samarbeidspartnar i kommunen sitt folkehelsearbeid.

I Møre og Romsdal har vi tolv frisklivssentralar:
Aukra, Aure, Fjord, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.

Friskliv og Mestring i Kristiansund vart i mai 2017 tildelt rolla som Utviklingssentral for frisklivssentraler. Saman med Verdal har Friskliv og Mestring ansvar for Region Midt Norge. Utviklingssentralen tilbyr mellom anna hospitering, tek imot førespurnadar frå kommunar og andre frisklivssentralar, bidreg aktivt i idébanken for frisklivssentralar og spreier aktuell informasjon frå Helsedirektoratet.

Fiskesprell er eit nasjonalt kosthaldsprogram for å spreie sjømatglede og gjere sjømat til eit naturlig val for barn og unge. I samarbeid med Helsedirektoratet og Norsk Sjømatråd tilbyr Møre og Romsdal fylkeskommune gratis kurs for tilsette i barnehagar, SFO og elevar i barne- og ungdomsarbeidarfaget i vidaregåande opplæring. Målet med kurset er å få barn og unge til å ete meir sjømat.

Barn og unge et generelt mindre sjømat enn anbefalt av helsemyndigheitene. Fiskesprell bidreg til å auke kunnskapen og kompetansen om sjømaten si rolle i kostholdet.

Kontakt fylkeskommunen for å få meir informasjon om kurs og kurshaldarar, eller les meir om Fiskesprell (lenke opnast i ny fane).

Det vert gjennomført kurs heile året. Kontakt fylkeskommunen eller ein av våre kurshaldarar for å avtale dato:

Nordmøre og Romsdal:
- Liv Annika Iversen | Send e-post

Sunnmøre:
- Torill Valderhaug Giske | Send e-post
​​​​​​- Ingvild Endal | Send e-post

Kontaktperson

Therese Thue Hvattum
Rådgivar folkehelse, idrett og fysisk aktivitet
71 28 04 22 / 997 89 781
Send e-post

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt