Her finn du ulike regionale, nasjonale og internasjonale digitale fellestenester til nytte og bruk for arkiv, bibliotek og museum.
Biblioteka kan tilby fleire digitale tenester og databasar, via abonnement eller felles opne nasjonale eller regionale tenester. Digitale medium er ein del av materialet som skal stillast til disposisjon ved eit folkebibliotek.
Arkivportalen (lenke blir opna i ny fane) er ei søketeneste på tvers av dei enkelte arkivinstitusjonane sine eigne katalogar. Her finn du informasjon om kva historiske arkiv og dokument som er i det mangfaldet av arkiv i Norge.
I Digitalarkivet (lenke blir opna i ny fane) finn du arkivmateriale frå både statleg-, fylkeskommunal- og kommunal sektor. Dette er i tillegg til private arkiv. Nettstaden omfattar både kjelder som er transkriberte (søkbare) og skanna. Dei viktigaste søkbare kjeldene er folketeljingane, i tillegg til transkriberte kyrkjebøker og emigrantprotokollar.
Dokumentasjonsprosjektet (lenke blir opna i ny fane) er eit samarbeid mellom dei humanistiske miljøa ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, NTNU og Universitetet i Tromsø. På sida finst ei rekke av universiteta sine samlingar over språk og kultur i Noreg. Noko av materialet krev løyve for bruk frå fageininga.
Ei nettside etablert av EU med tilgang til 3600 (per 2020) europeiske arkiv, bibliotek og museum med 58 millionar digitaliserte objekt, som viser den europeiske kulturarven.
Europeana (lenke blir opna i ny fane) består av tre ulike nettstader. Den generelle portalen, Europeana Pro som er retta mot fagfolk og Europeana 1914–1918, som er eit prosjekt som fokuserer på første verdskrig.
Fylkesatlaset (lenke blir opna i ny fane) inneheld kart over stadnamn i Møre og Romsdal.
Fylkesfotoarkivet (lenke blir opna i ny fane) er eit fotoarkiv med visuell historie frå og for Møre og Romsdal. FAK registrerer, arkiverer og bruker bilete som saman med informasjon om motivet fortel noko om vår lokale historie.
MARCUS (lenke blir opna i ny fane) er spesialsamlingane til Universitetet i Bergen sin portal til digitaliserte manuskript, fotografi, diplom og mykje meir.
Biletsamlinga er eit av dei største og mest anerkjente arkiva av historisk fotografi i landet. Her finn du enkeltbilete og arkiv av varierande storleik frå fotografar, samlarar og private givarar.
Seksjon for ABM driftar fellestenesta MøreRom (lenke blir opna i ny fane). Dette er ein base der artiklar i sogelagsskrift frå heile fylket er gjort søkbare med autoriserte metadata, til dømes emne, stad og bedriftsnamn. Ein kan søke i innhaldet i alle sogelagsskrift frå fylket samtidig. Førebels dekker basen alt utgitt frå og med 2000 til og med 2018, samt ein del eldre skrift, om lag 40 000 postar.
MøreRom inneheld også biografiske artiklar frå ein eldre manuell katalog som fanst på Ålesund bibliotek. Desse viser til avisartiklar om personar frå Sunnmøre i perioden ca. 1920–1980, totalt 18 000 postar. Her kan ein søke på personnamn og familienamn og finne nøyaktige opplysningar om kva avis artiklane står i.
Biblioteksøk (lenke blir opna i ny fane) er ein felles søkeportal som skal gi éin inngang til norske bibliotekkatalogar, høve til å låne litteratur frå alle norske bibliotek og direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. Alle kan nytte Biblioteksøk til søking, og dei med nasjonalt lånekort som nyttar bibliotek som er knytt til Biblioteksøk, kan òg bruke tenesta til å bestille bøker.
Bokselskap (lenke blir opna i ny fane) er ein e-bokportal utvikla av Det norske språk- og litteraturselskap. Her blir norske tekster som har falle i det fri publisert, det vil seie tekster av forfattarar som har vore døde i minst 70 år. Dei tilbyr bøker på nett og e-bøker ein kan laste ned. Nokre av forfattarane du finn her er Collett, Ibsen, Jølsen, Nansen, Skram, Vinje og Wergeland.
Boksøk (lenke blir opna i ny fane) er ei søketeneste med bøker som på ulike måtar er tilpassa alle som les i motvind. Bøkene er delt inn i ulike kategoriar, som er sett med utgangspunkt i lesarane sine ulike utfordringar. Her finn du bøker for barn, unge og vaksne, både skjønnlitteratur, faktabøker og teikneseriar.
Bærekraftsbiblioteket (lenke blir opna i ny fane) er eit opplegg for skolar, bibliotek og andre organisasjonar til å arrangere lesesirklar for barn i alderen 6–12 år. Nettsida inneheld boklister med aktivitetar til alle dei 17 berekraftsmåla, og gir deltakarane ei litterær- samtalebasert forståing av verdas felles arbeidsplan.
Les meir i rettleiinga (lenke blir opna i ny fane) om du ønskjer meir informasjon om korleis ein kan halde ein lesesirkel for Bærekraftsbiblioteket.
Personvern, elektroniske spor og overvaking er aktuelle tema for bibliotek. Bibliotektilsette kan spele ein nøkkelrolle i å gjere folk til meir bevisste digitale brukarar.
Nettstaden Data Detox (lenke blir opna i ny fane) inneheld praktiske verktøy for auka digital bevisstgjering. Her kan du ta eit minikurs eller lese artiklar om mellom anna skitne triks, falske nyheiter og forvirrande design. Både minikurset og artiklane kan formidlast direkte til publikum, men kan òg brukast til ulike arrangement og verkstadar.
Det fleirspråklege bibliotek (DFB) (lenke blir opna i ny fane) skal vere eit støtteapparat for bibliotek i heile landet, slik at dei kan betene brukarar på det fleirkulturelle feltet på ein god og effektiv måte. Tenesta driftast av Nasjonalbiblioteket og er gratis for alle.
Privatpersonar har tilgang til alle DFB sine samlingar via det lokale biblioteket sitt. Biblioteket kan bestille bestemte titlar eller bokpakkar på ulike språk. Har brukaren nasjonalt lånekort kan ein sjølv bestille bestemte titlar gjennom denne lenka (lenke blir opna i ny fane). Det som er bestilt blir då sendt til biblioteket.
Nasjonalbiblioteket digitaliserer landsdekkande og lokale aviser frå 1760 og fram til i dag, og du kan søke og lese i det digitaliserte materiale. Nokre aviser manglar enno, men det digitaliserast fortløpande.
Ein del av avisene er berre tilgjengelege i biblioteka, sjå oversikt over tilgang her (lenke blir opna i ny fane).
Du kan lese avisene her (lenke blir opna i ny fane).
Idunn (lenke blir opna i ny fane) er Universitetsforlaget sin digitale plattform for fag- og forskingstidsskrift og ope tilgjengelege (open access) forskingsbøker. Her kan du søke og lese i over 32 000 kvalitetssikra tidsskriftartiklar og bokkapittel innanfor ei rekke fagområde. Nye artiklar, utgåver, tidsskrift og bøker blir fortløpande lagt til.
Brukarane kan opprette digitalt nasjonalt lånekort. Dette gjer personen ved å registrere seg (lenke blir opna i ny fane).
Tenesta krev at brukaren identifiserer seg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID, m.fl.) For å få tilgang til tenester ved lokalt bibliotek må brukaren kontakte biblioteket for å knytte seg opp.
Les meir om lånekortet (lenke blir opna i ny fane).
Filmbib (lenke blir opna i ny fane) er ei strøymeteneste frå Norsk filminstitutt. Tenesta lar brukaren låne norske kort- og dokumentarfilmar frå biblioteka i Noreg der personen er. Brukaren logger inn med nasjonalt lånekort og PIN-kode.
For å sjå film på telefon eller nettbrett, må brukaren laste ned Filmbib-appen frå App Store eller Google Play.
Filmoteket (lenke blir opna i ny fane) er biblioteka si eiga teneste for filmstrøyming. Ved hjelp av denne tenesta kan biblioteka tilby alle brukarar med nasjonalt lånekort eit internasjonalt digitalt filmtilbod.
Tenesta byr på film som oppfyller biblioteka sine krav til kvalitet, bredde og relevans, og er eit fullverdig supplement til dei store internasjonale strøymetenestene. Her finn du alt frå klassikarar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar til smalare filmar.
Lesekroken (lenke blir opna i ny fane) er ein nettbasert eventyrportal på 22 språk med eventyrbøker, barnesongar, karaoke og diverse aktivitetar. Tenesta krev at biblioteket opprettar eit abonnement, som gir gratis tilgang til lesekroken for publikum, private- og offentlege institusjonar i kommunen, uavhengig av kor mange brukarar det er i kommunen.
På Bibliotekutvikling (lenke blir opna i ny fane) kjem det stadig til nye e-læringskurs. Dette er uformelle kurs innan ulike tema som det er nyttig for alle tilsette å sjå nærare på.
På Bibliotekutvikling finn du mellom anna kurs som:
Dette biblioteket er for barn, ungdom, vaksne og studentar som strever med å lese. Alle som har vanskar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsettingar eller sjukdom kan melde seg inn.
I Nasjonal bibliotekstrategi er det understreka at lånarar som har rett til å nytte seg av tilbodet om digitale lydbøker frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, skal rettleiast om dette gjennom folkebiblioteka. Nasjonalbiblioteket skal bidra til å gjere tenesta kjent i biblioteka, slik at tilsette kan bli tryggare i formidlinga.
Les meir om vilkåra her (lenke blir opna i ny fane).
NLB tilbyr å sende trykt materiale for utdeling til dei som ønsker å gjere tilbodet kjent. Les meir og bestill her (lenke blir opna i ny fane).
Ei norsk, elektronisk språkteneste som er tilgjengeleg på nettet eller som nedlastbart produkt. Ordnett (lenke blir opna i ny fane) er ei betalingsteneste, tilgjengeleg både som online, offline og applikasjonsløysing.
På nettsida finst 50 ordbøker. Dei fleste av dei er på norsk og engelsk, men her finn du òg ordbøker på andre språk. Tenesta har òg eit godt utval fagordbøker, som teknisk ordbok, medisinsk ordbok og økonomisk ordbok.
Crew (lenke blir opna i ny fane) er ei handbok i samlingsutvikling som er omsett og tilrettelagt for norske forhold.
På Verdensbiblioteket (lenke blir opna i ny fane) finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk. Bøkene er tilgjengelege for strøyming gjennom tenesta. Verdensbiblioteket.no er ope for alle i Norge. Du må besøke sida frå ei norsk IP-adresse. For å få tilgang til innhaldet må brukaren opprette ein brukar og logge inn.
Ei digital verktøykasse som omhandlar konflikthandtering i bibliotek (lenke blir opna i ny fane). Verktøykassa er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Eit viktig stikkord er førebyggande arbeid og verktøykassa er meint som eit hjelpemiddel og verktøy inn i dette arbeidet. Her finn du mellom anna tips og råd, tema som de kan prate dykk gjennom, svar på juridiske spørsmål, caser til diskusjon og malar på til dømes ordensreglement og ROS-analyser.
Digitalt museum (lenke blir opna i ny fane) er ein felles database over samlingar i norske og svenske kunst- og kulturhistoriske museum. Her kan du søke i over 4 millionar objekt frå nesten 250 museum.
Digisak (lenke blir opna i ny fane) er kulturminneforvaltingas søknadsportal og her kan du søke om tilskot til istandsetting, reparasjon eller sikring av ditt kulturminne. Du kan òg søke om dispensasjonar for å få utføre arbeidet.
I nettportalen Kulturminnesøk (lenke blir opna i ny fane) finn du informasjon om over 190 000 kulturminne og kulturmiljø. Du finn alt frå kokegroper og gravhaugar til kioskar og bensinstasjonar. Utforsk heimstaden din eller frå på kulturminnejakt ein heilt annan stad.
Norsk museumstidsskrift (lenke blir opna i ny fane) publiserer fagfellevurderte vitskapelege artiklar, bokmeldingar/bokessay og utstillingskritikkar.
Tidsskriftet famnar breidda av forsking ved dei norske kulturhistoriske, kunsthistoriske og naturhistoriske musea. Det gir og rom for museumsrelevant forsking i universitets- og høgskulesektoren innan museologi, kunsthistorie, kulturhistorie, arkeologi, antropologi, historie, konservering samt andre relevante fag.
Vi jobbar etter desse styringsdokumenta:
Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer 2022–2025
Fagplan bibliotek 2017–2020 (vidareført for perioden 2021–2024)
Nasjonal bibliotekstrategi 2021–2024 «Rom for demokrati og dannelse»
Alle kommunale og fylkeskommunale offentlege bibliotek skal kvart år rapportere inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Vi rettleier folkebiblioteka og kvalitetssikrar det som bli rapportert.
Statistikk skal leverast til Nasjonalbiblioteket på elektroniske skjema. Folkebibliotek har eiga underside på bibliotekutvikling.no (lenke blir opna i ny fane) der dei registrerer statistikken.
Nasjonalbiblioteket sender ut informasjon om når skjema blir opna og om fristar for levering.
Nasjonalbiblioteket publiserer data frå heile landet på sine statistikksider (lenke blir opna i ny fane). Noko blir publisert i SSBs årlege Kulturstatistikk og i KOSTRA.
Ved å følje lenkene (alle lenker blir opna i ny fane) finn de meir informasjon om:
Her er ei oversikt over folkebiblioteka i Møre og Romsdal. Du finn kontaktinformasjon ved å gå inn på nettstaden til dei enkelte biblioteka. Alle lenker blir opna i ny fane.
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.