Om oss

Arkiv

På arkivfeltet jobbar seksjon for ABM tett med Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal (IKAMR). IKAMR er utnemnt av Møre og Romsdal fylkeskommune til fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet med ansvar for bevaring og utarbeiding av regional bevaringsplan og oppfølging.

Fylkeskommunen finansierer i tillegg to arkivtenester frå IKAMR – Senter for digitalisering (SEDAK) og Fylkesfotoarkivet. Fleire folkebibliotek forvaltar privatarkiv, og seksjon for ABM vil bidra til dialog mellom folkebiblioteka og IKAMR rundt privatarkiva. Regionmusea har også eigne arkiv. Det er inngått ein avtale mellom IKAMR og regionmusea i Møre og Romsdal rundt bevaring av desse arkiva, som seksjon for ABM vil følge opp. Seksjon for ABM er med i nettverk for privatarkiv i Møre og Romsdal, saman med regionmusea og IKAMR.

Bibliotek

Vi har eit særleg ansvar for regional bibliotekutvikling og koordinering av regionale bibliotekoppgåver som e-bøker og transportordning av medium. Vi skal ivareta regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling gjennom mellom anna å gi råd til lokale myndigheiter, yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse, og arrangere møte og kurs om bibliotekspørsmål.

Museum

Oppfølging av fagområdet museum er delt mellom seksjonane kulturarv og ABM. Seksjon for ABM vil ha ansvar for utviklingsprosjekt innan tema infrastruktur, fornying, forvalting, frivilligheit og formidling.

Oppfølging av fagområdet museum er delt mellom seksjonane kulturarv og ABM. Seksjon for ABM har ansvar for utviklingsprosjekt innan tema infrastruktur, fornying, forvalting, frivilligheit og formidling. Seksjon for kulturarv har ansvar for utvikling innan tema fartøyvern, tradisjonshandverk, forsking og konservering, samt driftstilskot.