Litteraturformidling og språk

Litteraturformidling og språk som kulturberar er tett knytte til kvarandre, og ansvaret for begge desse kulturfelta ligg til ABM-seksjonen. Alle språk ber på og formidlar identitet, kultur og kulturarv, og kunst- og kulturuttrykk er avhengige av sterke og vitale språk. Det er eit nasjonalt kulturpolitisk mål at kulturlivet skal bidra til danning og kritisk refleksjon, og leseevne og leselyst er ein nøkkel til å oppnå dette. Lesing gir innsikt og oversyn, og gjennom litteraturen kan vi dessutan få auka evne til forståing og innleving.
 
Litteraturformidling er eit satsingsområde innan bibliotek og kunst- og kulturformidling både nasjonalt og regionalt. I ABM-seksjonen arbeider vi med tiltak og prosjekt som skal bidra til kompetanseheving og eit styrka tilbod innan litteraturformidling i heile fylket. ABM-seksjonen samarbeider med biblioteka i Møre og Romsdal, fylkesbibliotek i heile landet og nasjonale og regionale aktørar.

Tiltak og prosjekt innan litteraturformidling

Vi arrangerer årleg kurs i metoden barnebokbad (lenke opnast i ny fane) for bibliotekarar og lærarar. Tilbodet er knytt til forfattarbesøk i Den kulturelle skolesekken.

Eit bok til alle-bibliotek har spesielt fokus på bøker som er tilrettelagt for menneske med ulike lesevanskar. ABM-seksjonen arrangerer inspirasjonssamlingar regionalt og deltar i fylkeskontaktsamlingar i regi av Leser søker bok (lenke opnast i ny fane).

Den kulturelle skolesekken Møre og Romsdal (lenke opnast i ny fane), fagansvaret for litteratur.

Dette samarbeidsprosjektet mellom fylkesbiblioteka har som mål å styrke folkebiblioteka sin formidlingskompetanse. Tilsette i folkebibliotek er primær målgruppe. Prosjektet er støtta økonomisk av Nasjonalbiblioteket med 3 millionar kroner i 2021.

Vi inviterer årleg til IBBY – Norsk barnebokforum (lenke opnast i ny fane) sine haustkurs der nye bilde-, barne-, ungdoms- og faktabøker blir presentert.

Litteraturformidlingsnettverk Møre og Romsdal vart etablert av ABM-seksjonen i juni 2021. Målet er å fremme samhandling og kompetansedeling mellom aktørar innan litteraturformidling i fylket.

Litteraturhus i Møre og Romsdal (lenke opnast i ny fane) er eit treårig prosjekt drive av Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum. Alle kommunane i fylket deltar og folkebiblioteka er lokale arrangørar. Møre og Romsdal fylkeskommune går inn med 700 000 kroner kvart av åra 2021–2023 og sit i styringsgruppa.

Litterære Pusterom – Shared Reading for større livskvalitet (lenke opnast i ny fane) er eit samarbeidsprosjekt med Trøndelag fylkesbibliotek støtta økonomisk av Sparebankstiftelsen SMN.

I prosjektperioden 2019–2022 blir det arrangert gratis leseleiarkurs i metoden Shared Reading for bibliotektilsette, frivillige, helsearbeidarar og andre. Følg gjerne prosjektet på Facebook (lenke opnast i ny fane).

Sommarles (lenke opnast i ny fane) er ein nasjonal sommarlesekampanje for alle barn i 1.–7. klasse. Alle folkebiblioteka i Møre og Romsdal deltar.

Uprisen (lenke opnast i ny fane) er ungdomen si eiga kåring av årets beste ungdomsbok. 

Kontakt