Her finn du informasjon om aktuelle hendingar for ABM-sektoren i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune og samarbeidspartar.
Dato | 30. mars 2023 |
Tid | 09.00–09.45 |
Stad | Demio |
Påmelding | Lenke blir opna i ny fane |
Gerd Berget skal snakke om korleis ein kan gjere biblioteket meir tilgjengeleg for alle typar menneske.
Gerd er førsteamanuensis ved OsloMet, Institutt for arkiv-, bibliotek og informasjonsfag (ABI). Fagfeltet hennar er universell utforming, og doktorgraden hennar handla om korleis ein kan utforme betre søkesystem for personar med dysleksi.
____
Digitalt påfyll er ein del av det nasjonale samarbeidsprosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF). For å delta må du melde deg på, og du får tilsendt ei unik lenke. Du kan sjå opptak av dei digitale påfylla på bibliotekutvikling.no (lenke blir opna i ny fane).
Dato | 12.–13. april 2023 |
Stad | Scandic Alexandra, Molde |
Biblioteka har ei sentral rolle i å styrke demokratiet og ytringsfridomen i samfunnet. Dei er ein lågterskel møteplass som speglar lokalsamfunnet sitt mangfald og engasjement. For at biblioteka skal kunne utfylle denne funksjonen, er det avgjerande med tydeleg leiarskap, fagleg utvikling, samarbeid og innovasjon. Gjennom interne og eksterne prosessar kan biblioteka utvikle seg sjølve og kommunen som organisasjonar som møter innbyggarane sine behov og forventingar på ein relevant og attraktiv måte.
Biblioteksjefmøtet vil innehalde spennande innlegg med mål om at biblioteket og du som biblioteksjef får verktøy til å blomstre i eigen organisasjon.
På dag éin kjem Eigunn Stav Sætre, direktør ved Nordmørsmusea, som vil ha eit innlegg om korleis vere ein tydeleg leiar i ein utydeleg organisasjon. Vi får også besøk av Prosjektarenaen i Møre og Romsdal fylkeskommune ved Kristin Ålmo, som vil snakke om utviklingsarbeid og korleis ein kan flette utvikling- og forbetringsarbeid inn i drifta. Her vil det både bli inspirerande innlegg og gruppearbeid gjennom dagen. På kvelden blir det middag og sosialt innslag.
Dag to startar med innlegg frå to av fylkets biblioteksjefar. Elisabeth Soleim vil fortelje om brukarmedverknad og tenestedesign ved Normoria, og Anne Elin Øverbø vil vise oss det nye biblioteket på Aukra. Etter dette tek vi eit djupdykk i planarbeid, og vi får besøk av fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm og rådgivar Mona Fluge. Som ei avslutning på dagen vil det bli informasjon frå seksjon for arkiv, bibliotek og museum.
Vi ser fram til desse dagane saman med dykk.
Påmeldingsfrist: 29. mars
Meld deg på Biblioteksjefmøte 2023 på mrfylke.no (lenke blir opna i ny fane).
Dato | 13. april 2023 |
Tid | 09.00–09.45 |
Stad | Demio |
Påmelding | Lenke blir opna i ny fane |
Ønsker du å vete meir om kva det kostar å arrangere i eit bibliotek?
I dette påfyllet vil Siri Odfjell Risdal fortelle om ulike satsar som gjeld når ein bookar forfattarar, foredragshaldarar og musikarar. Kva for satsar gjeld frå Norsk forfattersentrum, frå TONO og andre instansar som tar seg betalt med ulike gebyrsatsar?
Det er tryggande å skaffe seg ei økonomisk oversikt før du går til det skritt å arrangere ein stor kulturfest eller festival.
Siri Odfjell Risdal er festivalsjef for Kapittel, Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, som blir arrangert årleg av Sølvberget bibliotek og kulturhus. Hun har tidligare vore programansvarleg for barn og unge på Sølvberget, og prosjektleiar for Nordisk barnebokkonferanse.
Risdal er utdanna bibliotekar, og har òg en master i lesevitskap fra Universitetet i Stavanger.
____
Digitalt påfyll er ein del av det nasjonale samarbeidsprosjektet Formidlingskompetanse i folkebibliotek (FiF). For å delta må du melde deg på, og du får tilsendt ei unik lenke. Du kan sjå opptak av dei digitale påfylla på bibliotekutvikling.no (lenke blir opna i ny fane).
Her er oversikt over nyheitsbrev frå seksjon for ABM (alle lenker blir opna i ny fane).
Under snarvegar finn du aktuelle nyheiter frå seksjon for ABM.
Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.
Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.
Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:
Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.
Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.
Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.
Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.
Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.