Arkiv, bibliotek og museum

Fylkesbiblioteket bytta namn til seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) 1. januar 2021.

Seksjon for arkiv, bibliotek og museum (ABM) har ei heilskapleg tenking rundt arkiv, bibliotek og museum. Folkeopplysningstanken og det å ta vare på, utvikle og formidle kulturarven som kjelder til oppleving, kunnskap og bruk er eit samfunnsoppdrag desse felta deler.

Samlingane til arkiv-, bibliotek- og museumsaktørar vil vere viktig for ei heilskapleg forståing av ei sak eller eit tema, og seksjonen skal legge til rette for samarbeid og utvikling mellom felta.

Nettverksarbeid, kompetanseheving, utvikling og brukarmedverknad er òg viktige for vårt arbeid.

Kva skjer? 

Alle lenker blir opna i ny fane

29. september | Påfyll om bibliotek og berekraft: Forskingsprosjektet Upscale (Digitalt på Teams)

29. september | Digitalt påfyll – Bibliogames og Bibliobattles

13. oktober | Digitalt påfyll – Ytringsfrihetskommisjonens rapport

26. - 27. oktober | ABM-konferansen

1. - 3. november | Leseleiarkurs - Shared Reading

4. - 5. desember | Fylkeskulturkonferansen

Sjå haustprogrammet i Kulturkalenderen til Møre og Romsdal fylkeskommune. (Dato frå 1. august)

Her er oversikt over nyheitsbrev frå seksjon for arkiv, bibliotek og museum. 

September 2022

Vi inviterer årleg til

  • ABM-konferanse
  • Biblioteksjefmøte for leiarar i folkebibliotek
  • Bibliotekdagane som er faglege samlingar for bibliotektilsette, politikarar og andre interesserte
  • Digitale nettverksmøter for biblioteksjefar i folkebiblioteka
  • Digitale kompetansepåfyll for bibliotektilsette
  • Kommunebesøk
  • Nettverksmøte for skolebibliotekarar i vidaregåande skule
  • Workshop bibliotekstatistikk
  • Workshop i søking av midlar

Meir informasjon om dei ulike arrangementa finn du i kalenderen vår (lenke blir opna i ny fane).

E-post: post@mrfylke.no

Post- og besøksadresse:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kirkegata 10 B
6004 Ålesund

Telefon: 71 28 00 00

Les meir om kven som jobbar hos oss (lenke blir opna i ny fane) og kva område den enkelte jobbar med.

Bibliotek

Vi gir rådgiving innan

  • ved planlegging av nytt eller ved oppgradering av biblioteklokale
  • bibliotekutvikling og prosjekt
  • kunnskapsorganisering og samlingsutvikling
  • litteratur og formidling
  • skolebiblioteka i vidaregåande skolar, inkludert systemansvar for Bibliofil

Museum

Vi gir rådgiving innan

  • organisasjonsutvikling og fornying av regionmusea
  • oppfølging av fellestenesta for formidling
  • oppfølging av felles forvaltningsplan mellom regionmusea
  • frivilligheit i musea
  • søknadar knytt til tilskot innan infrastruktur ved musea: nybygg, erverv av bygg og rehabilitering av bygg

Seksjon for ABM deler ansvaret for museumssektoren med seksjon for kulturarv.

Alle kommunale og fylkeskommunale offentlege bibliotek skal kvart år rapportere inn statistikk til Nasjonalbiblioteket. Vi rettleier folkebiblioteka  og skolebiblioteka i dei vidaregåande skolane, og kvalitetssikrar det som bli rapportert.

Statistikk skal leverast til Nasjonalbiblioteket på elektroniske skjema. Folkebibliotek har eiga underside på bibliotekutvikling.no (lenke opnast i ny fane) der dei registrerer statistikken.

Nasjonalbiblioteket sender ut informasjon om når skjema blir opna og om fristar for levering. 

Nasjonalbiblioteket publiserer data frå heile landet på sine statistikksider (lenke opnast i ny fane). Noko blir publisert i SSBs årlege Kulturstatistikk og i KOSTRA.

Meir informasjon

Ved å følje lenkene (alle lenker blir opna i ny fane) finn de meir informasjon om:

Dokumenter

Kontakt