Karrieredagane 2021 for Ytre Nordmøre

15/09 2021 09:00 - 14:00
Kristiansund
Skriv ut

I samarbeid med sentrale aktørar frå opplæring, arbeidsliv, kommunar og organisasjonar inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune alle ungdomar på 10. trinn til å vere med på Karrieredagane 2021.

Elevar i vaksenopplæringa i kommunane som er søkjarar til vidaregåande opplæring hausten 2022 er også inviterte.

Målsettinga med karrieredagane er at:

  • Alle avgangselevar frå grunnskolen skal få eit realistisk og levande bilete av utdanningsvegar og arbeids- og karrierevegar i Møre og Romsdal
  • Karrieredagane skal gi dei unge ein sjanse til å finne ut meir om mangfaldet i regionalt næringsliv, både i privat og offentleg sektor
  • Arrangementa skal vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region
  • Arrangementa skal gi betre kjennskap og refleksjon i høve til utradisjonelle yrkes- og karrierevegar på  tvers av kjønn og etnisk bakgrunn

Kontaktpersonar for Ytre Nordmøre er:

Monika Eeg, epost monika@knn.no  Mobil 91598917 og Cathrine Husby, epost cathrine@knn.no Mobil 91707951

Påmeldingsfrist: 10. august 2021

Påmeldingsskjema
4 påmeldinger

Dokumenter