Elevrådskonferansen 2019

5/06 2019 09:00 - 15:00
Scandic Hotel Alexandra, Molde
Skriv ut

Korleis arbeider du med elevdemokrati på skolen din? Blir de som elevar lytta til? Har de reell innverknad på skolekvardagen dykkar?
Som elev- og lærlingombod vil eg gjerne vite dette, og inviterer derfor alle leiarar og nestleiarar av elevråda og elevrådskontaktene til samarbeidskonferanse.

Målet for konferansen er å styrke elevrådsarbeidet i skolen.
Lunsj blir dekt av fylkeskommunen. Kvar enkelt skole må dekke reisa. Har du spørsmål, så ta gjerne kontakt.