Frukostwebinar: Mobilitet

15/12 2022 09:00 - 10:00
Webinar
Skriv ut

Denne hausten inviterer vi til tre frukostwebinar i regi av Program for berekraftige byar og tettstader. I etterkant vil vi vurdere om dette blir eit tilbod vi skal halde fram med. Målgruppa er i første rekke kommunane i Møre og Romsdal. Webinara vert arrangerte som teamsmøte. Du vil få ei teamslenke nokre dagar før webinaret.

På frukostwebinaret i desember er temaet mobilitet. For privatpersonar handlar mobilitet om å bevege seg på ein enkel måte. Av og til med bil, andre gongar på sykkel, ta buss eller å gå. Mobilitet er oftast ein kombinasjon av fleire måtar å forflytte seg på.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ta rolla som utviklingsaktør innan mobilitet for å sikre gode tilbod for innbyggarane i fylket, ikkje bere innan kollektivtrafikk. Fylkeskommunen vil  vere ein tydeleg medspelar for kommunane på dette området. Fylkeskommunen har derfor etablert eit utviklingsprosjekt for mobilitet i program for berekraftige byar og tettstader.

I dette webinaret vil Oddrun Hagen og Marika Kolbenstvedt frå Transportøkonomisk institutt (TØI) dele kunnskap om berekraftig mobilitet i områdeutvikling og tilrettelegging for gåing - utfordringar og tiltak.

 

Påmeldingsskjema

Kontakt