Frukostwebinar: Kjøp av arkitekttenester
Digitalt
Kjøp av arkitekttenester – kva for type konkurransar passar til ulike oppdrag? Innleiar er Gisle Nataas, fagrådgivar i Norske arkitekters landsforbund.
Arkitektur handlar om dei menneskeskapte omgivnadene; om bygningar og anlegg, uterom og landskap. Det handlar om det enkelte byggeprosjektet og om samspel og heilskapen i byar og tettstader. Kommunane har ansvar for å sikre kvalitet i dei bygde omgivnadene. Arkitektkompetanse vil i mange tilfelle vere naudsynt å kjøpe inn for å sikre rett kvalitet eller for å få fram nye idear og løysingar og på komplekse oppgåver som involverer vurderingar kring berekraftig ressursbruk, rasjonelle, framtidsretta og funksjonelle løysingar, brukarbehov og fornuftig disponering av økonomiske midlar.
Gisle Nataas er arkitekt og er fagrådgivar i Norske arkitekters landsforbund der han er ansvarleg for konkurransar og parallelle oppdrag. Han vil fortelje om kva for konkurranseformer som egnar seg til ulike oppdrag og korleis vi som bestillarar og oppdragsansvarlege bør gå fram.
Påmeldingsfrist: 15. september.