Digitalt kurs i konsekvensutgreiingar del 1

24/08 2022 09:00 - 12:00
Digitalt kurs
Skriv ut

Kommunesektorens organisasjon (KS) tilbyr, saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, eit digitalt kurs om konsekvensutgreiingar. Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) står for den praktiske gjennomføringa og kurset er utarbeidd i samarbeid med Kommunal- og distrikts­departe­mentet. 

Kurset går over to dagar - 24.08 og 1.09 - begge dagane klokka 9-12. 

Kurset vil foregå på delingsplattformen Zoom. Det blir sendt ut ei tilkop­lingslenke i forkant av kurset, til dei som er påmelde. Det vil vere muleg å kople seg opp frå klokka 08.30 for dei som vil teste at alt fungerer. 

Kurset tek for seg dei juridiske, planfaglege, prosessuelle og administra­tive oppgåvene som kommunar og konsulentar vil møte når dei skal utarbeide og/eller saksbehandle konsekvensutgreiingar. Kurset dekker kommunens rolle, både som utgreiar av eigne planar og som ansvarlig mynde i plansaker der andre utarbeider konsekvensutgreiingar. Kurset tek også opp praktiske problem knytt til konsekvensutgreiingar på over­ordna plannivå og regulerings-/tiltaksnivå.

Kurset vil gi oversikt over regelverket om konsekvensutgreiingar og skal gi deltakarane kunnskap og forståing for kva krav som gjeld, i kva saker konsekvensutgreiing er kravd, kva prosesskrav som gjeld, og korleis konsekvensutgreiingar kan og bør brukast i planprosessar.

Fagleg ansvarleg vil vere siv.ark. PhD Gunnar Ridderström, som er 1. amanuensis på Institutt for by- og regionplanlegging ved NMBU. Lina Frogner Orre, som har hovudansvaret for konsekvensutgrei­ingar i planavdelinga i Kommunal- og distriktsdepartementet, vil bidra på kurset. Merete Gynnild, seniorrådgivar i seksjon for arealplan hos Miljø­direktoratet, bidrar også.

Vi oppmodar kommunane om å sende inn konkrete spørsmål om regel­verket innan kursstart. Dersom vi ikkje rekk å svare ut alle spørsmåla, vil vi prioritere dei som er av prinsipiell karakter. Andre viktige spørsmål vil eventuelt bli svart på etter kurset, dersom det ikkje blir tid i løpet av dei to samlingane.

Spørsmål blir å sende til kursansvarleg gunnar.ridderstrom@nmbu.no , gjerne mer referanse til kurs i Møre og Romsdal 

Kontakt i Møre og Romsdal fylkeskommune er plansamordnar johnny.loen@mrfylke.no

Kurset er gratis. Påmeldingsfrist er 15. august 2022.

Påmeldingsskjema

Kontakt