Dialogmøte ung medverknad
Molde, Scandic Seilet
Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å samle barn- og unges representant, dei som jobbar med ungdomsråda i kommunane og leiar i ungdomsråda til felles dialogmøte. Det blir lagt opp til tre regionale samlingar: Molde 12.09, Kristiansund 20.09 og Ålesund 22.09.
Distriktssenteret vil også vere med å bidra med fagleg innhald om ung medverknad.
Formål med møtet er å bygge samarbeid mellom desse tre funksjonane, mellom kommunane og fylkeskommunen, og gi ny kunnskap.
Målet er betre ungdomsmedverknad, og at barn og unge sine interesser blir tatt omsyn til i planlegging.
Programmet vert lagt ut seinare. Påmeldingsfrist 1. september.