Koordineringsmøte om marin forsøpling 31. mars 2020 i Stavanger

31/03 2020 09:00 - 16:00
Stavanger, Clarion Hotel Energy, Ishockeyveien 2
Skriv ut

Med marin forsøpling på agendaen arrangerer Vestlandsrådet for tredje gong eit koordineringsmøte. I 2020 i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Rogaland.

Med dette møte ønskjer vi at frivillige, næringsliv og det offentlege får presentert ny kunnskap om marin forsøpling, samtidig som vi lager ein samlingsplass for mingling og kunnskapsdeling på tvers av næringsinteresser, organisasjonar og forvalting. Vi vil i møte sjå nærmare på status på opprydding, metodar, førebygging, finansiering, handtering av avfall, ny forsking og kunnskap, innovasjon, teknologi utfordringar og potensielle løysingar.

Pris

Bindande påmelding for møtedeltaking, pris kr. 660,- pr. person. Frukost og lunsj er inkl. i prisen. Eventuell deltaking på felles middag kjem i tillegg og vil betalast av kvar enkelt, prisen er estimert til ca. kr.600,- pr. person.

Korleis komme seg til Clarion Hotel Energy

Ta tog til Stavangar, og dra vidare med buss til Stavanger turnhall. Ta buss; 3, 6, 7, 9 og 29 frå Stavanger sentrum/Bussterminalen til Stavanger turnhall. Kjem ein med fly kan ein ta flybussen til turnhallen.

Overnatting

Overnatting ordnast av kvar enkelt. Clarion Hotel Energy, cl.energy@choice.no   Avtalt pris kr.1.290 pr.døgn 

 

Kontaktperson

For innspel eller spørsmål, ta kontakt med:  Gudrun.Kristin.Fatland@hfk.no / 902 88 824.

Program Marin forsøpling 31.mars 2020

Foreløpig program

09.00 - 09.45 Frukost & mingling
09.45 - 09.50 Velkommen
09.50 - 11.00 Strategiar og tiltak for gjennomføring
11.10 - 13.45 FOU
13.45 – 16.00 Nasjonal kartløysing, og metodar for opprydding
18.00 - 20.00 Felles middag
Påmeldingsskjema
Bindande påmelding.